text
stringlengths
0
19.4k
timestamp
timestamp[ms]
url
stringlengths
0
2.09k
source
stringclasses
4 values
Ved førre slepp slapp Vinmonopolet ei rekkje med rimelege musserande vinar frå Champagne – noko som strile- og hockeyfrisyreavdelingen hjå Nattverden sjølvsagt måtte sjekka ut. Med druer frå Vallée de la Marne lagar ekteparet Stéphane og Virginie Philizot bobler som fjerde generasjon på bruket.
2022-12-05T14:12:47
https://www.nattverden.com/tag/son-of-albert/
OSCAR-2301
Ein institusjon er ein sosial arena der aktørar samhandlar. Aktørane kan ofte spele ulike roller i samsvar med formelle eller uformelle reglar. Institusjonane er såleis normfaste og vedvarande; ein kan forventa seg same åtferda frå dei, uavhengig av kven som er aktørar, og institusjonar held fram som før, endå om aktørane jamt vert bytte ut. Døme på institusjonar er familien, der ein har rollene som forelder og barn, og skulen, der ein til dømes har rollene elev og lærar. Institusjonar utgjer ein viktig del av samfunnsvitskapelege studiar, som sosiologi, statsvitskap og økonomi, då ein reknar dei som ein grunnleggjande del av samfunnet. Ein vanleg definisjon av samfunnet er difor at det er eit sett av ulike institusjonar. I kvardagstala snakkar ein helst om institusjonar i samband med organisasjonar og offentlege anstaltar.
2022-12-01T03:46:20
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Institusjon
OSCAR-2301
Førre veke var det to lesningar frå Sigd på scene 3 på Det Norske Teatret i Oslo, med Gard Skagestad, Ingeborg S. Raustøl og Morten Svartveit. Forfattaren sjølv tykte det var ei stor oppleving begge gongene. Her kan du lese kva Vidar Kvalshaug skreiv om førestillinga i ein kommentar i Dagsavisen.
2022-12-03T15:29:16
https://www.ruthlillegraven.no/fantastisk-lesning-av-sigd-pa-det-norske-teatret/
OSCAR-2301
Forretningsførar i Sameiet Oppheim Resort, Jan Geir Jensen, seier at ombygginga frå Oppheim Hotel til ferieleilegheiter aldri skulle vore godkjend.
2022-12-03T18:28:16
https://www.avisa-hordaland.no/feriebustadar-pa-oppheim-skulle-aldri-vore-godkjende/s/5-132-449001
OSCAR-2301
Det var biskop Stein Reinertsen som sa dette i Møteplassen i kveld. Bakgrunnen for dette var nok saka som han møtte før han vart biskop, då det kom fram at han ikkje ville vigsle fråskilde. Han meinte at ein må oppleve ein slik storm for å forstå, akkurat som ein ikkje kan vite på førehand korleis det er å få barn, som han sa. Intervjuet i Møteplassen gav han høve til å seie meir om bakgrunn og samanheng enn ein til vanleg får, for Møteplassen varer ein halv time, medan ofte er intervju bare eit par minutt. Biskop Stein brukte tida godt og fekk fram mykje om bakgrunn og om tilhøve som hadde påverka han gjennom livet. -Ein lærer gjennom møte med mennske, gjennom det ein les og det ein erfarer, sa han og fortalde korleis han hadde fått impulsar frå stader han hadde budd og arbeid han hadde hatt. Han har arbeidd mykje med å integrere nye landsmenn inn i kyrkje og kyrkjeliv. Han meiner at folk som kjem frå andre samanhengar kan lære oss mykje, dei som blir forfylgd for trua si, kan syne kor mykje trua betyr for oss. Evangeliet har vi fått for å bringe vidare, det er ikkje noko ein skal ha for seg sjølv, og ein sunn kyrkjelyd bør ha gode relasjonar til misjonsorganisasjonane. Trua er ein relasjon til Gud og er grunnleggjande for oss. Bærebjelken i trua vår er tilgjeving. Det som ofte løyser opp når det er vanskeleg, er orda Kan du tilgje meg?
2022-12-07T16:10:35
https://blog.setesdalswiki.no/2013/01/kyrkja-ma-mte-menneske-med-omsorg-15478677/
OSCAR-2301
ABA frå leilegheitsbygg. Etter litt leiting fant vi rette leilegheit. Der fant vi ein tørrkokt gryte og ein del røyk. Ingen heime.
2022-12-02T03:34:55
https://nblf.no/sol_les.asp?id=3688
OSCAR-2301
Måndag 30. mai besøkte koret Kurve med dirigent Gudbrand Heiene Lokalet. Det vart ein triveleg konsert! Nedanfor kan du sjå og høyre utdrag frå konserten.
2022-11-26T23:06:53
https://hedalen.no/2022/06/05/sja-og-lytt-til-kurve/
OSCAR-2301
I denne bildeserien kan du sjå bilda vi har fått tilsendt frå ulike Halloween-feiringar rundt om kring i Kvinnherad. Uæææ!
2022-12-06T04:07:39
https://www.kvinnheringen.no/sjekk-lesarane-sine-skumle-og-kule-halloween-bilde/g/5-27-395791
OSCAR-2301
I kveld fekk eg hjelp frå Danmark. Eg hadde lyst til å legge ut litt informasjon om den danske komponisten Johannes Nørgaard, men det var vanskeleg å finne noko om han på Internett. Men i dag kom Niklos innom meg og kunne fortelje at om eg fann epost-adressa til Knud Svendsen i Århus, ville eg nok få den informasjonen eg ynskte. På plata han hadde med musikk av komponisten stod det ikkje særleg mykje. Eg leita litt rundt på Internett etter at Niklos hadde gått, og klarte å finne epost-adressa til Svendsen, og sende han nokre ord om kva eg trong. Like før eg skulle på lufta i kveld kom det svar frå Danmark med god informasjon, nok til at eg kunne lage ein artikkel på wikipedia om organisten og komponisten. Lista over danske komponister på norsk wikipedia fekk eit ekstra namn i går, og i dag vart namnet blått. Her er artikkelen, ikkje så lang, men likevel med ein del informasjon. Så får andre fylle på etter kvart. http://no.wikipedia.org/wiki/Johannes_N%C3%B8rgaard Sendinga i kveld gjekk utan særlege problem. Og Britta Lise fylgde opp mellom anna med å legge ut lenke på Facebooksida til Ragnhild Egeland sin blogg, som eg brukte i programmet Nytt frå kyrkje og kristenliv. Ho er i Kenya som ledd i eit skuleår på Hald senter for misjon og evangelisering i Mandal og skriv av og til på bloggen for å fortelje om korleis ho har det. Ho hadde eit nytt innlegg i dag, og då kunne eg lese litt frå det. http://ragnhildikenya.wordpress.com
2022-11-26T13:43:46
https://blog.setesdalswiki.no/2012/01/hjelp-fra-danmark-12426013/
OSCAR-2301
TV 4 Fakta er ein fjernsynskanal som er eigd av svenske TV4 AB. Kanalen starta sendingane sine frå Finland i 2005. Ei finsk utgåve starta året etter i samarbeid med MTV3. I 2008 flytta kanalen til Sverige, etter at den svenske TV- og radiolova vart liberalisert.
2022-12-09T02:23:55
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/TV_4_Fakta
OSCAR-2301
På plannivå verkar kanskje filmen som ein koseleg dokumentar, om ein absurd historie som ikkje verkar livsnær. Men underflata visar til noko meir mørkt. Dokumentaren følgjer liva til tre tvillingbrødre, skilt ved fødselen, som vert gjenforent i ein alder av 19. Når handlinga utviklar seg, ikkje for å gi vekk for mykje, tek den ein skarp sving mot korleis dei vart systematisk forska på som eit slags menneskleg eksperiment. Medan filmen grev djupare i det som har skjedd verkar nesten alt uverkeleg. Det er umogleg å forvente kva som skjer i neste scene, og dei tre brødrene er tydeleg påverka av eksperimentet den dag i dag.
2022-12-04T04:10:42
http://jump-cut.no/three-identical-strangers-kosmorama-2019/
OSCAR-2301
Fyrst tok LE alle pannekakene frå tallerkenen og satt dei fint i halvring framfor seg. Deretter plukka han dei omhyggjeleg opp att og satt oppå kvarandre, ein etter ein. Dette tårnet fanga eg på bilete. Deretter tok han ein smakebit på kvar enkelte kake.
2022-11-29T01:06:14
https://fangst.blogspot.com/2012/11/
OSCAR-2301
Turen startar frå Fete, i enden av vegen langs Fitjadalsvatnet. Vi følgjer traktorvegen langsmed storelva innover til Flatebotnane. Etter å ha kryssa brua over elva, og tek vi dei bratte bakkane opp til den idylliske stølen Eivindsete. Snart får vi eit flott utsyn over Fitjadalen. og fjella rundt. På stølsvollen et vi niste, om været er dårleg set vi oss inn i eit av sela. Det er ikkje støling på Eivindsete i dag.
2022-12-01T22:23:14
http://www.hardangerhiking.no/tur_1.html?setLanguage=en_en
OSCAR-2301
På bunadskveldane er tanken at dei som lurer på eit eller anna innanfor bunadsarbeid kan kome innom og få råd. Vi får ikkje til å arrangere kurs i haust, men vi har fleire som har laga bunad og skjorte sjølv som kan gje gode tips.
2022-12-03T12:15:23
https://orstahusflidslag.net/
OSCAR-2301
Kari Bremnes leverte ei flott oppleving for dei vel fem hundre som hadde teke turen til Solstråleøya i går kveld. Både hovudpersonen sjølv og konferansieren meinte ramma rundt konserten var som i eit eventyr. Ut frå responsen frå publikum tykte nok dei også opplevinga var eventyrleg.
2022-12-06T04:15:38
https://tysnesingen.no/eventyrleg-pa-solstraleoya/
OSCAR-2301
Måns Nilsson Botnen frå Fykse i Hardanger hadde vorte 29 år gamal, men var endå ugift, og no skulle han overtaka garden. Han fann at han måtte endra på tilhøve, det var inga meining i å sitja med gard og ikkje ha kjerring.
2022-11-28T17:44:43
https://www.kraftmuseet.no/Historiar/?offset549=12
OSCAR-2301
ARK110 / Menneske, utvikling og samfunn: frå dei første menneska til slutten av bronsealderen ca. 500 f.Kr.
2022-12-07T03:56:32
https://www.uib.no/ahkr/emner
OSCAR-2301
Torgils Lutro (52) held på med alt frå husrestaurering på Lofthus til jakting i fjellet og motorsykkelmekking heime i garasjen i Godvik. Men den nye lensmannen evnar også å slappa av på sofaen. Og ordet «sjef» tykkjer han forresten ikkje noko særleg om.
2022-12-10T00:12:43
https://www.av-avis.no/nyheter/i/P3qeGz/humor-er-viktig-sjoelv-om-jobben-vaar-ofte-kan-vera-alvorleg
OSCAR-2301
Norsk Aarbok er ein norsk bokserie som kom ut fyrste gongen i åra 1920–39 etter upptak frå Torleiv Hannaas, som styrte årboka fram til han døydde i 1929. Etter han fall bort, styrte Gustav Indrebø og Lars Eskeland i lag 1930-årgangen; sidan stelte Indrebø åleine med årboka. Norsk Aarbok kom med i alt 19 årgangar (ikkje 1937), til og med 1939. Den første boka inneheldt dikt og prosa frå forfattarar som Garborg, Aukrust, Hovden og Tvedt og bilde av kunstnarane Rusti og Kinsarvik.[1] Boka var eit viktig skrift i målrørsla, og eit samlingsmerke for målfolk som heldt på den klassiske nynorsken, høgnorsken.
2022-12-04T19:56:58
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Norsk_Aarbok
OSCAR-2301
*: Måler kvart 10 sek, medan Min og Max temp er målt kvart 5. min. Meteogrammet er henta frå yr.no , Teknisk data og bilete av verstasjonen., HDR-bilete, Statistikk
2022-12-07T16:11:27
http://ver.siqveland.com/
OSCAR-2301
Ein unge er avkommet etter eit virveldyr. Hos mange artar eller slekter er det eigne nemningar for ungane. Før ungen vert fødd, vert han kalla eit foster.
2022-12-02T09:08:13
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Unge
OSCAR-2301
For sjuande året på rad arrangerer Wikimedia Noreg no Wiki Loves Monuments i Noreg. Dette er verdas største fotokonkurranse, og i år deltek 53 land og område. I den norske delen av konkurransen handlar det om å ta bilete av kulturminne i Noreg og lasta dei opp på Wikimedia Commons i september. Hovudpremien i fotokonkurransen er reise og billett til musikk- og kulturfestivalen Riddu Riđđu 2018 som finn stad i Kåfjord i Troms frå 11. til 15. juli. Andre- og tredjepremie er gåvekort frå De Historiske som gjeld på hotell og spisestader i heile Noreg. Bileta som er med i konkurransen må vere av registrerte kulturminne i Noreg. Eit oversyn over dei kan ein finne på nettstaden Kulturminnesøk frå Riksantikvaren, der du òg finn kart over kulturminne som er i nærleiken av deg. For å lasta opp bileta går du til denne sida, lastar opp biletet, og skriv inn kulturminne-ID-en som du kan finna på Kulturminnesøk. I samband med fotokonkurransen arrangerer me òg ein separat skrivekonkurranse i veke 37–38 på Wikipedia på bokmål, nynorsk og nordsamisk, som går ut på å skriva om kulturminne i Noreg. Her kan du òg vinna gåvekort frå De Historiske.
2022-11-30T23:54:42
http://www.wikimedia.no/2017/09/12/wiki-loves-monuments-2017/
OSCAR-2301
Fyldig og aromatisk økologisk honning frå SnillBie, hausta frå kystlyngheia på Bømlo, der næraste nabo er villsauen -og storhavet. Området er fritt for kunstgjødsel, plantesprøyting frå landbruk, motorisert trafikk og ureining frå industri. Den gode smaken og konsistensen på honningen er eit resultat av lyngkombinasjonen biene trekker på (purpurlyng, klokkelyng og røsslyng), og omsorgsfull innhenting og bearbeiding. Honningen er kaldtappa, det vil sei at den har ikkje vore utsett for oppvarming, eller anna form for kunstige inngrep. All honning frå SnillBie er godkjent som økologisk produkt av Debio.
2022-12-01T03:26:01
https://snillbonde.no/products/snillbie-okologisk-lynghonning-450g
OSCAR-2301
Den einaste kommunen i Sogn som ikkje kjeldesorterar: – Folk sorterar betre om ein legg til rette for det
2022-11-29T04:41:46
https://www.porten.no/emne/geithus
OSCAR-2301
Skatt på alminneleg inntekt frå personlege skattytarar fordeles mellom kommunar, fylkeskommunar og staten. Den statlige delen omtalast som fellesskatt.
2022-12-08T18:59:24
https://www.ssb.no/ajax/ordforklaring?key=375043&sprak=no
OSCAR-2301
Det er ikkje krav om fisketrygdavgift til staten, med mindre ein fiskar i den del av sesongen som Etneelva er open for fiske og ein då kan fange anadrom fisk.
2022-12-05T12:03:37
https://stordalsvatnet.no/printervennlig-13774s.html
OSCAR-2301
Aprikos er frukta frå aprikostreet (Prunus armeniaca) i rosefamilien. Medan aprikos blir dyrka i fleire verdsdelar, er vill aprikos ein sterkt truga art.[1]
2022-12-02T00:52:46
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Aprikos
OSCAR-2301
Aetigkofen er ein kommune i distriktet Bucheggberg i kantonen kantonen Solothurn. Kommunen har 176 innbyggjarar (2010) og eit areal på 2,05 km².
2022-12-09T19:45:06
https://mapio.net/wiki/Q68350-nn/
OSCAR-2301
Marita har Bachelor Ingeniør Bygg, frå Høgskolen i Bergen (2010). Ho har allsidig erfaring frå blant anna NCC Construction, Asplan Viak og Bucci Arkitektur og Desing.
2022-12-01T21:22:17
https://www.sporstol.no/kontakt/ansatte/marita-hakonsholm/
OSCAR-2301
God stand, meir eller mindre, nesten ingen rust (kun ein liten flekk på to kvadratcm). Blå metallic, 2,3 aut. Var på PKK i sommar og fekk null hull. Eit par foringar (ca 1500,-) til forstillinga er med, men ikkje montert sidan dei som står på var gode nok. Innsug frå toliter (av aluminium i staden for plast) og ekstra lysbrytar er og med.
2022-12-06T16:41:11
http://cx.zapto.org/forum/viewtopic.php?f=17&t=6617&p=51450&sid=052cfda7f362b3ac43f5cd5da44c0cfd
OSCAR-2301
Dersom eit lag med løparar frå fleire klubbar blir påmeldt eller etablert, ber me om melding om det til påmeldingsansvarleg. Det same gjeld om ein løpar ikkje lenger treng å stå på lista nedanfor:
2022-12-03T21:28:16
https://liatoppenskiskytterfestival.no/pamelding/oversikt---manglar-stafettlag
OSCAR-2301
Runde fyr. Oc WRG 6s. Kystfyret har ei Fresnel fyrlinse av 1. orden. Fyrstasjonen vart oppretta i 1767 av P.F. Koren, byfogd i Kristiansund. Runde fyr er rekna som det femte fyret i landet. Det var lite lys frå stasjonen då ein nytta ei fyrgryte som ein brente kol og torv. I 1807 tok staten over fyrstasjonen. Eit 7 m høgt kolblussfyr vart sett opp i 1826. I 1858 vart det bygt eit 27 m høgt støypejarnstårn lengst nede på Kvalen. I 1910 vart det sett opp ei større lykt på støypejarnstårnet. Den øverste delen av tårnet vart flytta til Sklinna fyr. I 1935 vart det gamle kolblussfyret sprengt vekk og eit nytt betongfyr vart sett opp. Lykta frå støypejarnstårnet vart flytta over til betongtårnet og fyrlyset vart elektrifisert. Nedre del av støpejernstårnet er bevart som dagmerke. Betongfyret er malt kvit med eit raudt lyktehus. Fyrboligar, fjøs, kollager, smie og naust ligg nedanfor fyret. Fyret vart automatisert og avmanna i 2002. Riksantikvaren freda fyrstasjonen i 2001.
2022-12-04T15:29:17
https://kystreise.no/detaljer/4414/Runde-fyr/
OSCAR-2301
Dagens etappe, me handla og gjekk rundt i eit museums-tun på Lundenes. De var kun ope på laurdagar nokre timar dessverre..
2022-12-07T04:46:05
https://cirkeline2.org/2020/07/09/fra-sandsoy-via-lundenes-til-engenes-pa-andorja/
OSCAR-2301
Mount Murch er eit lite fjell, 1100 moh, som står 5 nautiske mil (9 km) sør for Mount Suydam i Anderson Hills sentralt i Patuxent Range i Pensacolafjella. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne i U.S. Navy frå 1956-66. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Paul L. Murch, ein kokk ved Palmer-stasjonen vinteren 1966.
2022-12-07T04:07:59
https://mapio.net/wiki/Q6922320-nn/
OSCAR-2301
I Heimfødingar får publikum bli kjent med nokre av dei lokale forfattarstemmane og høyra noko av litteraturen som blir skriven i Rogaland i dag. Me møter mellom anna Kristin Auestad Danielsen frå Ålgård, no busett i Stavanger. Ho skal lesa frå sin nye roman «Vår vesle» som handlar om å vera vaksen og flytta heim til foreldra sine når livet ikkje gjekk som det skulle. Morten Bjerga kjem frå Sandnes og skal lesa frå romanen «Lars O. Bru og havet» frå 2017, men han har òg lova å lesa ferske utdrag frå sin komande roman.
2022-11-28T01:05:08
http://www.garborgdagar.no/arrangement/heimfodingar/
OSCAR-2301
Natt til første nyttårsdag i 1992 blei kysten av Noreg ramma av den sterkaste orkanen som nokon gong er målt i landet. Mange tusen menneske vart råka direkte, og heile nasjonen vart prega av det som skjedde. I Orkanen fortel Oddgeir Bruaset, den folkekjære programleiaren frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», om det dramatiske døgnet og korleis folk opplevde det. Vi får høyre om Frank Trøger, som dreiv omkring i bårehavet etter at båten hans forliste. Helle Ingelsrud måtte føde i lyset frå juledekorasjonar den natta, og Karin Nesbakk låg i ein kjellar medan vinden reiv tak og vegger vekk over henne.
2022-12-01T03:37:22
https://www.ishavsmuseet.no/produkt/orkanen/
OSCAR-2301
På rådsmøte i helga blei Morten Helland frå Bømlo vald til den første fylkesleiaren, medan Beate Bondevik Lie, Luster vart 1. nestleiar og Jarle Skeidsvoll, Osterøy 2.nestleiar.
2022-12-02T15:28:36
https://krf.no/nyheter/forste-fylkesstyre-i-vestland-krf/
OSCAR-2301
Håvard Arholm (38) frå Valen og tre kollegaar fekk sjå naturen frå ei dramatisk side under ein fisketur ved Hommersåk utanfor Stavanger.
2022-11-29T15:45:01
https://www.kvinnheringen.no/her-prover-fugleungen-forgjeves-a-sleppa-unna-doden-brutalt/s/5-27-384965
OSCAR-2301
Det vart ein grei kamp for Stord-jentene på Voss. Til pause stod det 10-12 etter ein omgang der Stord ikkje makta å dra i fra vertene. I pausen vart jentene enige om å gå ut hardt for å vinne kampen tidlig. Marte stenger målet, og kontringar samt scoringar frå alle posisjonar gjer at pause-planen slår til.
2022-11-28T07:19:20
https://www.stordhandball.no/nyhende/d2-klar-siger-mot-voss
OSCAR-2301
Gluvrekletten er eit fjell på 2200 moh. som ligg mellom Terningskarvet og Nupskammen i Gjelsvikfjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Det vart fotografert frå lufta av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–39). Det vart kartlagt av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto av Maudheimekspedisjonen (1949–52) og den norske ekspedisjonen (1958–59) og namngjeve av dei.
2022-12-07T14:13:00
https://mapio.net/wiki/Q7484856-nn/
OSCAR-2301
Ole Bull henta inspirasjon frå heile verda til dette huset. Her finst utskorne roser av lokalt opphav, davidstjerner og mauriske bogar inne og russisk løkkuppel som det mest eksotiske sett frå utsida. Museet Lysøen er ope om sommaren, i opningstida går det båtskyss frå Buena i Lysefjorden. Museet Lysøen er einaste museet som ligg i Os. Museet vart etablert i 1974, då etterkomarane etter Ole Bull donerte eigedommen til Fortidsminneforeningen. Museet femner om huset og alt som høyrde til medan Ole Bull brukte det som sommarhus. Huset er eit utruleg byggverk som det ikkje finst maken til nokon stad, og museet fortel historia om ein utruleg person, musikaren, komponisten, eksentrikaren, nasjonalromantikaren Ole Bull, kanskje Noregs største kulturambassadør gjennom alle tider. Lysøya har 13 km gode gangstigar, flott natur, skogstjørn, utsiktstårn og badeplass både nord i Lysevågen og ved kaien nær museumsområdet.
2022-11-30T13:22:07
http://www.visitos.no/nb/lysoen
OSCAR-2301
Tre karriererettleiarar frå Vestland fylkeskommune skal rettleie vaksne over heile Noreg om utdanning og yrke – på chat og telefon.
2022-12-08T02:07:35
https://www.vestlandfylke.no/narings--og-samfunnsutvikling/kompetanse-i-arbeidslivet/
OSCAR-2301
Aldusblad eller alduslauv er eit typografisk teikn danna av eit hjarteforma blad med noko lauv over, og kan brukast ståande rett opp eller liggjande til venstre eller høgre. Aldusbladet er eitt av dei eldste typografiske ornamenta og finst allereie i tidlege greske innskrifter. Det er kalla opp etter den vidkjende boktrykkaren Aldus Manutius, som levde i Venezia på 1400-talet. Aldus Manutius brukte ofte teiknet i bøker og andre trykksaker, og bidrog dermed til å spreia det. Aldusblad har som regel ein dekorativ funksjon. Det kan til dømes brukast til å avslutta ein trekant, ramme inn ein tekst eller skilja ein tekstbolk frå ein annan.
2022-12-10T02:36:43
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Aldusblad
OSCAR-2301
Med ein flott auke i år til 288 lam frå 246 i fjor, er dette mest sannsynleg det største kåringsjået i landet Sjået var ein del av Landbruksdagen i Austrheim. Med vel 2300 besøkande vart det ein flott dag. Pressa var og på plass og her er link til nokre av oppslaga: BT: Her overlever kun den sterkeste Strilen: Fekk innblikk i norsk landbruk Nordhordland: Sjå bilete frå landbruksdagen i Austrheim Ein flott flokk med NKS-lam Johannes Kartveit føl spent med medan domarane Gisle Fjæreide og Cato Hilleren studerer ulla. Johannes hadde lammet med høgste poengsum. 177 poeng. Med 176 poeng kom lamma til Egil Magnar Eidsnes og Marit og Odd Totland på delt andreplass. Henrik Steinsund med flotte Sjeviotlam. Dessverre hadde 4 av 6 lam etter importsæd frå Storbritania marg i ulla, og er dermed ikkje aktuelle for innsett som prøveverar i ringen.
2022-11-26T11:57:44
https://www.nsg.no/hordaland/nyheter/norges-storste-karingsja
OSCAR-2301
Olav J. Rysstad har mykje kunnskap om ord og handverk; her med ei munnharpe han akkurat har laga (bilete frå jolemiddagen til Talemålsgruppa på Valle Motell)
2022-11-29T10:31:43
https://vallemal.no/nyhende/godt-nytt-ar-66/
OSCAR-2301
Grinde var ein av dei 5 gamle storgardane på Leikanger. Storgarden Grinde vart etter kvart oppdelt i fem gardar. Gardshusa var samla i eit klyngetun fram til 1875. Lenger oppe ligg Engjasete med to gardar, opphavleg Grinde sin støl. Namnet Grinde på vestsida kjem av grind – grindegjerde, eit avgrensa nattområde for dyra. Dalen vert kalla Grindsdalen på vestsida og Huksdalen på austsida. Elva var grensa mellom Grinde og Huke, bortsett frå i elveosen. Grinde hadde ein plassmann og naustplassar på austsida. Grinde har fleire gravrøyser, mellom anna tre kjemperøyser. Det er funne reiskap og våpen frå steinalder. På Grinde ligg eit av dei nasjonale kulturlandskapsområda i Norge. Huke og Holum har tre bruk kvar. Holum var lenge klokkargard og skulen låg her. Engjasete er eit fint utgangspunkt for turar til fjella Mælen og Hest. Grindselva vart bygd ut som ein del av Leikanger Kraftverk med oppstart i 2020. Saman med vatn frå Henjadalen vert det produsert 208 Gwh i ein kraftstasjon i Suppham ved Sognefjorden. Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger
2022-11-30T04:30:11
https://www.systrondsogelag.no/grinde-engesaeter-huke-holum/
OSCAR-2301
Nelson Peak er ein fjelltopp, 1605 moh, som står ved austenden av Drury Ridge og Brown Ridge der dei to ryggane grensar til Washington Escarpment i Neptune Range i Pensacolafjella. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne i U.S. Navy frå 1956-66. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Willis H. Nelson, ein geolog med feltgruppa i Neptune Range i 1963-64.
2022-12-03T05:24:43
https://mapio.net/wiki/Q6990684-nn/
OSCAR-2301
Akronymet DOS tyder disk operating system og er ei laust samanknytt samling av operativsystem for datamaskinar. Særleg kjend er operativsystema kalla DOS på Intel-kompatible PC-ar, med MS-DOS frå Microsoft i spissen. MS-DOS utgjer også grunnmuren for fleire versjonar av Microsoft Windows.
2022-12-03T06:53:55
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/DOS
OSCAR-2301
Vorrkulten er eit fjell ved nordenden av Vestvorren, like nord for Neumayerskarvet i Dronning Maud Land. Det vart fotografert frå lufta av Den tyske antarktisekspedisjonen (1938–39). Det vart kartlagd av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto av Maudheimekspedisjonen (NBSAE) (1949–52) og av den norske ekspedisjonen (1958–59).
2022-12-05T14:44:53
https://mapio.net/wiki/Q7756850-nn/
OSCAR-2301
Vi har fare fint åt med gammalbåten Nymåla er han og dugeleg bunnsmurt God for mang ei ferd og meir enn eitt varp I maksvér på heimsjøen No ligg han forsvarleg fortøyd på land I sommar vart det ikkje om at han kom på sjøen Yamaha-en står i naustet Foto: Eva C. Hildal Tekst: Torstein […]
2022-12-10T02:13:30
https://finnbakk.com/tag/bat/
OSCAR-2301
Dette er eit herleg garn. Det passar godt både til gensarar og sjal. Eit hespe er nok til eit trekanta sjal. Det vert fantastisk lett og mjukt! Med to hespe, der du strikkar dobbel tråd, har du nok til den populære Cumulus bluse frå Petite Knit, i storleik M.
2022-12-05T14:19:15
https://ctegarn.no/butikk/syrefarga/snobb-sjal-syrefarga/blankt-gress-snobb/
OSCAR-2301
Vi har samling i amfiet for alle elevar og tilsette på ungdomsskulen kvar dag klokka 09.55. Vi syng i lag og får høyre eit ord frå dagen frå ein av dei tilsette eller nokon som er på besøk.
2022-12-05T17:42:04
https://www.morealesund.no/timeplan1.html
OSCAR-2301
Koka (Erythroxylum coca) er ein plante i kokafamilien (Erythroxylaceae) som stammar frå den vestlege delen av Sør-Amerika. Kokaplanten inneheld fleire alkaloid, og er opphav til fleire rusmiddel. Han speler ei viktig rolle i den tradisjonelle kulturen i Andesfjella, der ein har togge kokablad. I nyare tid vinn ein ut det kraftige narkotiske stoffet kokain frå han. Ordet «koka» kjem frå spansk coca som er henta frå quechua cuca. Dette kan igjen koma frå det bolivianske aymaraspråket. Namnet er brukt i varemerket Coca-Cola, som opphavleg blei laga med kokablad. Plante med bær. Kokaplanten er ein busk som kan bli rundt 2,4 høg. Han har tynne, ovale blad. Blomane er små og sit i klasar med fem gulkvite kronblad. Bæra er raude.
2022-12-05T08:04:13
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Koka
OSCAR-2301
Punktum (.) er eit skriftteikn som markerer slutten av ein heil setning, noko som i tale gjerne samsvar med ein lengre stopp. Ein kan også bruka teiknet for å markera ei forkorting.
2022-11-29T17:14:53
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Punktum
OSCAR-2301
oppvarming av atmosfæren og overflata til jorda som følgje av at nokre av gassane i atmosfæren absorberer ein del av den infraraude varmestrålinga frå jordoverflata
2022-12-07T13:21:17
https://wiki.terminologi.no/index.php?title=KLIMA:Drivhuseffekt
OSCAR-2301
Skarg kraftverk er det nyaste verket til Otra Kraft DA. Anlegget vart sett i drift i 2014. Det nyttar eit fall frå Otra til Botsvatn med ei trykkhøgde på 80 m. Verket er eit det einaste elveverket til Otra Kraft. Det får vatn frå restfelt som ikkje er overført til Vatnedalsvatn; enten naturleg via tunellar eller ved pumping i Hartevatn.
2022-12-02T22:50:06
https://www.otrakraft.no/kraftstasjonar/skarg-kraftverk-article299-1060.html
OSCAR-2301
Elles er det sal av ulike produkt frå lag og organisasjonar, privatpersonar og firma som Jerikobui og Brukthandelen.no.
2022-12-05T15:22:52
https://laerdalhusflidslag.blogspot.com/2010/11/husfldslaget-er-klare.html
OSCAR-2301
addisjonsreaksjon der ein elektrofil går til åtak på ein elektronrik del av molekylet i løpet av det første steget
2022-12-03T21:42:27
http://termwiki.sprakradet.no/index.php?title=Elektrofil_addisjon&printable=yes
OSCAR-2301
Ein lett og alkoholsvak ale, med kompleks humleprofil. Ølet er ein ferskvare, både med tanke på aromaen frå humle, så…
2022-12-06T08:02:54
https://ol-akademiet.info/category/oppskrifter/lyse/
OSCAR-2301
Fyll inn namn og e-postadresse om du ynsker svar. Du kan òg sende inn tilbakemelding anonymt. Merk at tilbakemelding på eit bestemd vokabular vart sendt direkte til vokabularets administrator.
2022-12-04T19:32:04
https://www.nb.no/nbvok/ntsf/nn/feedback
OSCAR-2301
Fornebu- og Snarøyaposten var ei gratisavis som vart gjeven ut i Bærum kommune i dåverande Akershus fylke. Første utgjeving kom 12. mai 2006. Ansvarleg redaktør var Anita Myhr.
2022-12-02T21:09:38
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Fornebu-_og_Snar%C3%B8yaposten
OSCAR-2301
Tretten usentimentale og skarpskodde skildringar frå eit Amerika der håpet ikkje har dei aller beste veksttilhøve.
2022-12-02T03:03:42
http://www.groove.no/band/69592738/torbj-rn-gulz-trio
OSCAR-2301
Tre ryggar går opp mot toppen. Grensa mellom kantonen Uri og kantonen Graubünden går langs den austlege og nordlege ryggen. Fjellet ligg i kommunane Disentis/Mustér og Tujetsch i sør og Silenen i nordaust. Ein skiheis går opp til 200 meter nedanfor toppen frå Disentis.
2022-12-02T03:14:08
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Piz_Ault
OSCAR-2301
Rebell var Raud Ungdoms eksterne magasin fram til 2004, då det vart lagt ned av landsstyret til organisasjonen etter ein mislukka nylansering to år tidlegare. I august 2009 vart bladet gjeve ut att, då som eit spesialnummer i høve stortingsvalet. Karna Buggeland Sælebakke var redaktør for denne utgjevinga. Bladet hadde tidlegare namna Ungsosialisten, Røde Garde og Rute 80, fram til det tidleg på 90-talet fekk det noverande namnet.
2022-12-01T07:39:08
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Rebell
OSCAR-2301
Vi startar opp Osebotnen til Skorvane vidare nordover høgdene og ned til Løketjønna og derfrå til Myrestølen( kanskje der er budeier på stølen). Derfrå går vi ned Vassdalen til Ikjefjord
2022-12-03T09:02:23
https://www.nsg.no/hordaland/nyheter/fellestur-fra-stordalen-til-ikjefjord
OSCAR-2301
Me reiser med tog frå Arna fredag og bur to netter på hotell i Oslo. Stafetten er laurdag, og retur er søndag.
2022-12-07T20:21:57
https://osteroyil.no/?mapping=274
OSCAR-2301
Køyrer du på ein hjort, er du pålagt å melda frå til Kvinnherad Ettersøkslag. Likevel er det altfor få bilistar som melder ifrå, seier Atle Helland i ettersøkslaget.
2022-12-06T11:50:06
https://www.kvinnheringen.no/alt-for-fa-melder-fra-om-hjortepakoyrslar/s/5-27-157964
OSCAR-2301
Ved bruk av småmaska garn vert fiskebestanden tynna med ca. 12000 fisk pr. år. I tillegg til bestandstynning vert det kvart år sett ut ein del større fisk frå Ekso Villfisk sitt kultiveringsanlegg i Sødalen. Dei største fiskane bidreg mykje til tynning av småfiskbestanden og det er no mindre behov for bestandsregulering med garn.
2022-12-06T17:22:51
https://eksingedalen.no/no/ekso-villfisk/brunaurefiske
OSCAR-2301
Her ligg det referat frå årsmøtet me hadde 13.02.14, det ligg og lenke til årsmeldinga og rekneskapet som vart vedteke av årsmøtet:
2022-12-07T19:21:20
http://www.nesoghoy.no/?p=293
OSCAR-2301
Midt mellom jugendbyen Ålesund, fuglefjellet Runde og dei ville Sunnmørsalpane, ligg Ulstein. Her finn du opplevingar av alt frå rå natur heilt ytst i havgapet til koselege fjellturar, nydelege strender og eit rikt kaféliv i sentrum. Velkomen til vår heimebane!
2022-11-30T18:06:31
https://visitulstein.no/opplevingar/
OSCAR-2301
Regnbogefargane pryda Rosendal laurdag, då Romsleg arrangerte Pride. Mange møtte for å støtta opp om markeringa. Her kan du sjå ein bildeserie frå Pride i Rosendal 2022:
2022-12-03T12:44:14
https://www.kvinnheringen.no/fargerik-pride-markering-i-rosendal-sja-bildeserie/g/5-27-376329
OSCAR-2301
«Celebrity Silhouette» er eit cruiseskip ått av Celebrity Cruises. Skipet vart bygd ved Meyer Werft GmbH i Tyskland.
2022-12-04T18:56:12
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/%C2%ABCelebrity_Silhouette%C2%BB
OSCAR-2301
Dam Sarvsfossen vart bygt i perioden 2012 til 2014. Magasinet er inntaket til Skarg kraftverk. Dammen hevar nivået i Otra med omlag 50 m og gjer at ein får eit trykk i Skarg Kraftverk på omlag 80 m. Magasinet tek i mot vatn frå nordre del av Otra, samt vatn som er overført frå Bjørnarå og nordover.
2022-12-03T00:07:06
https://www.otrakraft.no/magasin/dam-sarvsfossen-article344-1073.html
OSCAR-2301
Dekar (daa) er eit flatemål som særleg blir nytta om fast eigedom. Ordet kjem frå deka-ar, det vil seie ti ar, og tilsvarar tusen kvadratmeter. Ti dekar er eit hektar. Eit dekar svarer omtrent til den eldre eininga mål, som var ti tusen kvadratfot eller 984 kvadratmeter.
2022-11-30T14:05:31
https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Dekar
OSCAR-2301
Voss herad melder fredag morgon om eit femte tilfelle knytt til utbrotet i samband med 17.-mai helga. Alle som er smitta er vossingar. Smittesporet er kome til Voss frå Austlandet. Så langt har dette påverka Vossestrand barne- og ungdomsskule, der ein elev har testa positivt. Førebels er det ikkje meldt om fleire smittetilfelle på skulen. Vidare har utbrotet påverka eit treningssenter på Voss der deltakarane på to sal-timar må i karantene. Ein kohort i Regbogen barnehage må òg i karantene etter at eit av borna der fekk meldt ein positiv test på morgonen.
2022-11-29T12:18:26
https://www.sognavis.no/auka-tal-smitta-personar/s/5-115-632207
OSCAR-2301
Chorzów (tysk Königshütte) er ein by sør i Polen med om lag 115 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Rawa på Det schlesiske høglandet i hjartet av Øvre Schlesien Industriområde, 7 km nordvest for Katowice. Chorzów ligg òg i Øvre Schlesien storbyområde som har nesten 3,5 millionar innbyggjarar.
2022-11-27T15:42:32
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Chorz%C3%B3w
OSCAR-2301
Stabben fyr Oc (3) WRG 10s. Stabben var saman med Kinnesund dei to første fyra i Sogn og Fjordane. Lyset vart tent 1. oktober 1867. Fyrbygninga på 12 x 8,3 m dekte mesteparten av skjæret. Steinen til fyret vart henta frå ein nærliggande holme. Ein større båt frakta heile 108 båtlaster. Tømmeret vart levert av Mo verk i Namsos. Allereie første vinteren vart det skade på fyret. Året etter vart det bygt ein vernemur av gråstein, som var forma som ein skipsbaug. I 1905 vart tårnet bygt høgre og lyset forsterka med ei Fresnel linse av 4. orden. I 1965 vart fyret elektrifisert. Fyret vart automatisert og avmanna i 1975. Frå 2005 har Kinn kystlag arrangert turar ut til fyret
2022-12-04T08:39:49
https://kystreise.no/detaljer/5731/Stabben-fyr/
OSCAR-2301
nes. Slepte flåten utpå eit stykkje med robåt, rodde slepelina til neste nes, gjekk på land og drog flåten til seg. Så slepte dei flåten ut att og drog han til neste nes.
2022-12-01T22:43:57
http://xn--btsamling-52a.no/batar/areklett_ord.html
OSCAR-2301
Dokumentasjon av punkta nedanfor vert ein del av den totale vurderinga. I tillegg vert ein vurdert på heilskapsinntrykket av elevbedrifta.
2022-12-07T22:33:20
https://www.ue.no/vestland/info/elevbedrift/elevbedrift-2/sunnfjord/konkurransekriterium
OSCAR-2301
Vi er forhandlar av Kia og har både nye og brukte bilar til sals. Du kan sjå siste nytt frå Kia på kia.no
2022-12-04T18:22:00
https://hoyangerbil.no/kia/
OSCAR-2301
Suksessrikt nær-o-løp i Mølstrevåg i kveld med meir enn 80 deltakarar frå Fitjar i nord til Karmøy i sør. Det er ei stund sidan eit nær-o-løp samla så mange deltakarar i vårt distrikt. Fire ulike løyper laga av Kjetil Fiskå og Thomas Førde i spennande og ope o-terreng. Mange gode tilbakemeldingar frå deltakarane.
2022-11-28T16:02:46
https://sveiool.org/index.php?mode=ny&se=ny&id=211
OSCAR-2301
Eit årsmøte i det lokale mållaget er vanlegvis ikkje noko som får folk flest over dørstokken. Når det komande søndag blir halde eit slikt årsmøte i Vang mållag på biblioteket, blir det difor lokka med vising og prat rundt eit knippe gamle foto frå kommunen.
2022-12-01T13:47:07
https://www.avisa-valdres.no/arsmote-med-gamle-vangs-foto/s/5-54-432065
OSCAR-2301
Kilikia var i antikken eit namn på det søraustlegaste landskapet i Vesleasia. Innbyggjarane var semittar. Dei stod opphavleg under assyrarane, men vart sidan relativt sjølvstendige under Persia. Det låg enkelte greske koloniar i Kilikia. Aleksander den store erobra landet, som seinare gjekk over til Syria, men som oftast var det faktisk sjølvstendig. Hovudstaden var Tarsos. Innbyggjarane var frykta for sjørøveri og for å gjere ende på det sendte romarane i 102 fvt. eit hærtog til Kilikia, og eit nytt hærtog i 67 fvt. Landet vart ein romersk provins i år 63 fvt, etter at Pompeius sigra over Mithradates. Cicero var statthaldar i Kilikia i 51 fvt.
2022-12-04T02:05:32
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Kilikia
OSCAR-2301
Takka vere tilskot frå Husbanken kan Kvinnherad kommune rehabilitera og pussa opp rom på Husnestunet. I oppussingsperioden vil pasientar frå Husnes bli flytta til Rosendalstunet.
2022-12-06T15:29:31
https://www.kvinnheringen.no/husnestunet/pleie-og-omsorg/okonomisk-politikk/kan-fa-milliontilskot-til-oppussing-av-husnestunet/s/5-27-56717
OSCAR-2301
Onsdagskvelds foredrag vert om korleis ein skal fylle tida mens ein venter på vaksinering mot Covid-19. Det er Rasmus Vidvei LA9SY, ein godt røynde radioamatør frå Nord Rogaland som skal forteller om sine erfaringar og om sin anskaffing av ein litt større Magnetisk Loop antenne. Eit lite aber og det er at han er kanskje ikkje komt heim til kl.2000 (han køyre lastebil hist og pist) så han har overleverte ein del materialar til meg. Om ikkje han rekker opstart ha eg fått løyve til å gå igjennom ein del ting for han, dessutan så ha eg ein del svara til spørsmål frå to veka sida, og litt bakgrunnsinfo.
2022-12-07T12:58:03
https://www.bergenkringkaster.no/2020/12/15/oppfylgingssamling-den-16-des-kl-20/
OSCAR-2301
Vossestrand, lokalt kalla Stronde, er ei bygd i Voss kommune i Hordaland. Bygda ligg omkring det dalføret som går frå den eigentlege Vossebygda til Nærøyfjorden i Sogn. Vossestrand prestegjeld vart oppretta i 1865, da det vart utskilt frå Voss prestegjeld. Berre tre år seinare vart Vossestrand kommune oppretta. I 1964 vart Vossestrand igjen ein del av Voss kommune. Nokre område gjekk til Evanger kommune, og desse er seinare innlemma i Voss. Stronde er ei gammal nemning på sokna Oppheim og Vinje, fyrst nemnd i 1398. Vossestrand vart laga som namn da prestegjeldet vart danna i 1865.
2022-11-26T11:35:50
https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Vossestrand
OSCAR-2301
Les Enfers er ein kommune i distriktet Franches-Montagnes i kantonen Jura i Sveits. Kommunen har 167 innbyggjarar (2010) og eit areal på 7 km². Kommunesenteret ligg 955 meter over havet.
2022-11-29T11:49:45
https://mapio.net/wiki/Q70411-nn/
OSCAR-2301
Kjem frå Bergen for å handla i spesialbutikken: – Hadde ikkje høve til å jobba, men ønskte å ha noko å pusla med
2022-12-09T08:29:34
https://www.kvinnheringen.no/tag/hest
OSCAR-2301
Infobrev blir sendt ut til alle lokallagsleiarane, helseutvalet og fylkesstyret kvar månad med viktig info. frå fylkeskontoret.
2022-12-09T15:14:48
https://www.pensjonistforbundet.no/nyheter/infobrev-11-2021
OSCAR-2301
Mount Overlook er eit stort sett snødekt fjell med ei høgd opp mot kring 2010 m og oppom den midtre delen av Sledgersbreen frå nord, i Bowers Mountains. Fjellet fekk dette namnet av M.G. Laird, leiaren for geologigruppa i New Zealand Antarctic Research Program (NZARP) som arbeidde i området i 1981–82, fordi det var flott utsikt frå toppen av fjellet.
2022-12-02T17:00:55
https://mapio.net/wiki/Q6922626-nn/
OSCAR-2301
Såta er ein nunatak 0,5 nautiske mil (0,9 km) nord for Kista, som ligg ved austsida av Fletta langs sørvestkysten av Lützow-Holmbukta. Han vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto tekne under Thorshavn-ekspedisjonane i 1936–37, og namngjeven av dei.
2022-12-02T15:49:39
https://mapio.net/wiki/Q7425854-nn/
OSCAR-2301
Smaken vart til første gong i 1907 på Sørheim gard i Sogn. Heimefrå er i dag, som då, laga med stoltheit, kjærleik og berre friske, bær. Heimefrå solbærsyltetøy smakar av tradisjon! Syltetøyet har ein kraftig og frisk smak av solbær. Solbær er rik på C-vitamin og har eit høgt antioksidantinnhald. Prøv syltetøyet på Brie ost, eller server varmt syltetøy på iskremen!
2022-12-09T01:53:45
https://norskmat.com/butikk/palegg-og-frokostvarer/syltetoy/heimefra-solbaer/
OSCAR-2301
Ei songbok frå 1700-talet vart utgangspunkt for prosjektet: – Heilt spesielt å kome så tett på fortidas levde liv
2022-12-08T15:16:49
https://www.norddalen.no/tag/heidal
OSCAR-2301
Sjur Røthe, Langrenn | Sjur Røthe viser veg for unge skitalent: – Kult å læra av ein verdsmeister frå Voss
2022-12-09T02:32:03
https://www.avisa-hordaland.no/sjur-rothe-viser-veg-for-unge-skitalent-kult-a-lara-av-ein-verdsmeister-fra-voss/s/5-132-437209
OSCAR-2301
Eg er veldig glad i denne serien frå Erling Pedersen. Er det nokon som veit kor tid den siste boka kjem? Det skal jo etter planen vere ein triologi.
2022-12-09T09:35:39
https://bokelskere.no/tekst/53648/
OSCAR-2301
Frå 1936 var Fritt Folk eit vekeblad, men frå 30. mars 1940 kom avisa ut som dagblad. Hausten 1940 overtok avisa kontora og pressa til Arbeiderbladet. Ved fredsslutninga vart avisa stoppa.
2022-12-03T06:02:36
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Fritt_Folk
OSCAR-2301
Lungepulsåra (på latin truncus pulmonalis eller arteria pulmonalis), på norsk òg kalla pulmonalarterien, fører blod frå hjartet til lungene. Det er den einaste pulsåra som fører blod med lågt oksygeninnhald. Lungepulsåra går av frå høgre hjartekammer, mellom hjartekammeret og pulsåra sit pulmonalklaffen. Starten på pulsåra er hovudstammen som er stutt og brei. Den delar seg i høgre og venstre sidegrein, ein til kvar lunge.
2022-12-05T08:10:09
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Lungepuls%C3%A5re
OSCAR-2301
Ragged Peaks er ei markant gruppe fjell i austsida av Amundsen Bay i ei linje som går nesten frå nord til sør. Fjella som strekkjer seg 8 nautiske mil (15 km), med fleire tindar og ryggar. Fem av toppane er over 900 meter over havet. Dei vart oppdaga i oktober 1956 av ei gruppe frå ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) ved Amundsen Bay leia av P.W. Crohn. Det skildrande namnet vart gjeve av Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA).
2022-12-01T03:47:00
https://mapio.net/wiki/Q7282901-nn/
OSCAR-2301
Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod om helsetenester for ungdom i Eidfjord frå 13-20 år. På helsestasjonen møter du helsesjukepleier og lege som du kan snakka med om emne som opptek deg. Du treng ikkje bestilla time på førehand.
2022-11-28T04:58:13
https://www.eidfjord.kommune.no/tenester/helse-sosial-og-omsorg/helsestasjon/helsestasjon-for-ungdom/
OSCAR-2301
Mellomfag er eit tidlegare omgrep som blei brukt om eit fag som ein hadde teke 90 studiepoeng i. Dette tilsvara då 1,5 år studietid dersom ein tok ei årseining (60 studiepoeng) om gongen. Til dømes: Ein årseining, dvs 60 studiepoeng i matematikk ville gje eit grunnfag. 90 studiepoeng ville gje eit mellomfag. Etter mellomfag kunne ein ta hovudfag, i eit fag der ein allereie hadde mellomfag. Hovudfag utgjorde 120 studiepoeng i tillegg til dei 90 frå mellomfaget. Som ein del av Bologna-prosessen blei gradssystemet i Noreg lagt om, og ein har i staden eit system med bachelorgrad og mastergrad.
2022-11-30T11:54:57
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Mellomfag
OSCAR-2301