text
stringlengths
0
19.4k
timestamp
timestamp[ms]
url
stringlengths
0
2.09k
source
stringclasses
4 values
Det vert ikkje sending onsdag 21. desember, men fredag 23. desember er det tradisjonell lisle joleptan-sending frå Valle sentrum med Bjørgulv T. Berg og Øyvind Jacob.
2022-11-29T20:29:45
https://blog.setesdalswiki.no/2011/12/program-for-tysdag-20-desember-12323455/
OSCAR-2301
Ei ny veke i huset er unnagjort med god hjelp frå foreldre, søsken, tanter og gode venner frå Bergen. No nærmar soverommet seg eit lag med måling, og arbeidet med å gjere kjøkkenet meir innbydande er i gong…
2022-12-07T07:04:44
https://www.renateogespen.com/tag/maling/
OSCAR-2301
OSE sitt hovudkontor i Ørsta har etter mange år i Vikegata flytta på seg. Ein vekst frå 4 - til 21 tilsette siste 15 år, har gitt behov for større og meir tilpassa kontorlokale.
2022-11-26T22:35:30
https://oseing.no/tag/planleggarar/
OSCAR-2301
Fredag morgon hadde vi fått eit lett snødekke, men det har ikkje komt noko meir snø i dag, sola har og vore framme.
2022-12-03T05:45:02
https://www.kalvaag.com/2007/11/lett-sndekke-fredag-morgon.html
OSCAR-2301
Tveiten og Osen kvinneforening har basar på Eiken bedehus. Misjonær Alf Halvorsen vitjar oss med nytt frå Mali. Fine gevinster. Ein god kopp kaffi med «noge attåt» blir servert til alle som kjem. Landet Mali treng mykje støtte i ei uroleg tid. Du er varmt velkommen.
2022-12-09T03:18:24
https://eikenbedehus.no/basar-fredag-28-september-kl-1930/
OSCAR-2301
Denne verdskjende statuen var opphavleg ei gåve frå det franske folket og fungerte som fyrtårn i 16 år. Kva statue er dette?
2022-11-28T03:55:09
https://www.firdaposten.no/tag/david-e.-antonsen
OSCAR-2301
Ønsker du å bu sentralt, men samtidig naturen på alle kantar? Då er du kome til rette skulen. Me ligg pladask i Leirvik sentrum, med alt av tenester og folk rundt oss. Variert natur i gangavstand frå skulen, og med ein liten tur med vår vesle buss er me ved høge fjell, djupe fjord eller eksotisk skjærgård. Les litt om skulen og linjene våre, finn det som passar for deg, og gled deg til eit heilt fantastisk skuleår.
2022-11-26T11:36:43
https://stordfhs.no/informasjon-om-aret-pa-stord-folkehogskule/
OSCAR-2301
Per Ekelund blir med som talar. Han er pensjonist og reiser som fritidsforkynnar for NLM. Han har vore her fleire gongar før, og har mykje å dele frå Guds ord. Det blir også korte glimt frå arbeidet i Norge og det blir invitert til nattverd denne dagen.
2022-12-02T10:30:44
https://www.ulsteinvikbedehus.no/fyrste-sondag-11-etter-sommarferien/
OSCAR-2301
Midt mellom Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen nasjonalparkar ligg Lom nasjonalparklandsby. Her finn du alt frå ein verdsberømt bakar og stavkyrkje til klimapark, klatrepark og eit stort nettverk av turstigar. I Lom kan ein utforske kultur og tradisjonar kombinert med moderne attraksjonar og aktivitetar.
2022-12-02T05:51:49
https://kulturarv.no/kulturminne/lom-nasjonalparklandsby/
OSCAR-2301
Evanger er ei vakker, lita bygd som ligg berre éin time med bil / tog frå Bergen og 20 minutter fra Voss! Sentrum ligg der elva Vosso renn ut i Evangervatnet, omgjeve av fjell og flott natur. Innan gangavstand er det butikk og kafé, verkstadar og andre verksemder, turstier, og starten på Den grøne sløyfa, ein spektakulær tur med sykkel eller bil. Evanger har ei rik historie, og den gamle gata og husa her utgjer eit verna kulturminneområde. I sentrum er det reist eit monument til minne om Knute Nelson, den vesle guten som vart fødd i fattigdom i Evanger og utvandra til Amerika saman med mor si, og til slutt vart lovgjever og senator. Han står som eit symbol på kampen og skjebnen til nokre av dei fattige som utvandra frå Norge på 1800-tallet. Herifrå er det lett å komme seg til Gudvangen, Flåm, Voss, Bergen og andre stader i nærleiken, med bil, tog og buss; du kan òg ta ei av rundreisene til Noreg i eit nøtteskal eller ta ei liknande rundreise på eigenhand. Det er gratis parkering utenfor huset. Både Evanger stasjon og bussholdeplassar ligg eit steinkast frå huset, med gode forbindelser til Voss, Bergen og Oslo. Om vinteren korresponderar morgon- og ettermiddagstoga med gratis skyttelbuss til de to viktigste skianlegga i Bavallen og Myrkdalen.
2022-11-28T04:39:08
https://www.rongahuset-evanger.com/nb/bygda
OSCAR-2301
Fint på Ona fyr, eit tett og sjarmerande lite samfunn. Elleve fastbuende no, kunne eit par naustbyggjande karar fortelja. Rullestein godt oppe i bakken ovanom kyrkjegarden forstod me ikkje heilt. Havnivå for lenge, lenge sidan ?? Runde steinar er ikkje rett fram å byggje med, men Kyrkjegardsmuren er av det snorbeint slaget. Her er det ingen slinger i valsen.
2022-11-28T08:45:09
https://cirkeline2.org/2020/08/06/ona-til-fosnavag/
OSCAR-2301
Ein akustisk bassgitar er eit strengeinstrument som liknar ein vanleg el-bass, men har ei resonanskasse i staden for mikrofonar. Det gjer at kroppen på gitaren blir noko større. Dessutan er det ikkje naudsynt med forsterkar for å få lyd, lik ein akustisk gitar, men for å få lyden til å bli høg nok for konsertar må ein sette ein mikrofon inntil han.
2022-11-27T19:27:27
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Akustisk_bassgitar
OSCAR-2301
Voss folkemuseum og Mølstertunet er eit populært turmål. Dette er ikkje utan grunn. Anten du går, køyrer, spring eller syklar vil du ha glede av eit fantastisk utsyn over delar av vossabygda.
2022-12-03T02:46:14
https://vossfolkemuseum.no/utsikta/
OSCAR-2301
Turen til Skarsteinsetra startar ifrå Olden sentrum. Kommunal veg til Fagerli. Derfrå går ein på Skogsveg til Skarsteinsetra. Turen opp tek om lag 30-40 minutt, og går både på skogsveg og fin sti. Det går fint å trille med barnevogn.
2022-12-01T17:28:32
https://www.nordfjord.no/skarsteinsaetra
OSCAR-2301
Profeti er i religionar eit bodskap som ein profet kjem med. Ofte vert bodskapen rekna å koma frå ei høgare makt, til dømes Gud. Bodskapen kan ha kome som ei enkelt openberring, eller over tid.
2022-11-30T14:57:33
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Profeti
OSCAR-2301
Om eit par veker dumpar utgåve nummer 52 av Årdal Før og No ned i postkassen til medlemene i Årdal Sogelag. Denne gongen lovar me ei fyldig utgåve på heile 56 sider. Ferielektyre i sommar blir artiklar med innhald både frå 1800-, 1900- og 2000-talet. Me kan nemna tjuvfiske i Tyin, kanalplanane i Hæreidselvi, ein artikkel om korleis det stod til i Årdal tidleg på 1900-talet. Me har også henta stoff frå skribentar litt lenger ut i fjorden til denne utgåva. Jon Navarsete, kjend frå idrettsmiljøet og artikkelseriar i Sogn Avis, har levert tre artiklar, medan Vidar Lægreid har skrive ein artikkel om mjølketransporten mellom Hafslo og Årdal i etterkrigdstida.
2022-12-03T08:45:44
https://sogelaget.no/aktuelt/item/263-no-kjem-snart-sommarnummeret-av-ardal-for-og-no
OSCAR-2301
Drakttradisjon frå midten av 1800 talet. Drakta har trekk frå nyrokkokko epoken, som til dømes med smal rygg, mykje utringa og tittekant i livet. Tøyet er ruta i fleire farger, vovi i heil ull, og finst i om lag 18 variantar. Snittet kan variere frå bygd til bygd. Gamle foto viser livkjole med svart trøye til. Trøya har perlebelte eller stølabelte og silketørkle i kryss over bringa festa i beltet.
2022-12-09T04:45:10
http://valdres-folkedraktsaum.no/damebunad/rutastakk-med-troye/
OSCAR-2301
Maryna Novik var med på 10 km på laurdag og hang ei stund med teten. Uansett – ho kom nok ein gong vel frå det og kom på ein flott 5. plass.
2022-11-30T16:52:26
https://klypetussen.no/magne-berge-fyrste-klypetuss-gjennom-fjordviking/
OSCAR-2301
Dette bildet er passande i jula, men er kanskje eit hint til eitt av spørsmåla i quizen òg. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
2022-11-28T10:42:18
https://www.nationen.no/aktuelt/ta-nationens-julequiz-her/
OSCAR-2301
Den sosiale ulikskapen i europeiske utdanningssystem er stor. Forskarar frå HVL og UiB deltek i eit prosjekt som skal finne ut kva som kan motverke ulikskapen.
2022-12-06T03:10:58
https://www.uib.no/node/37531/news-archive/202105
OSCAR-2301
– Eg har halde på hemmelegheita ei god stund no. Du veit jo ikkje kva du skal svare når folk spør korleis det gjekk på audition, kjem det lattermildt frå 12 år gamle Tuva Lutro.
2022-11-26T12:30:50
https://www.hardanger-folkeblad.no/tuva-lutro/underholdning/odda/har-provd-a-sja-lei-seg-ut/s/5-22-110092
OSCAR-2301
Avola er ein by og ein kommune i provinsen Siracusa i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 31 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 74,3 km². Byen Avola ligg 40 meter over havet, nær kysten mot Det joniske havet, 27 km sørvest for provinshovudstaden Siracusa. Utsyn over Avola I hovudsak arbeider ibuarane i industrien og i landbruket. Avola er eit sentrum i mandeldyrkinga. Staden er elles kjend for Nero d’Avola, ein svartaktig druesort som vert mykje dyrka i Sør-Italia. Gamlebyen Avola vart fullstendig øydelagd i eit jordskjelv i 1693. Dagens Avola vart bygd frå grunnen, åtte killometer unna gamlebyen.
2022-11-27T02:15:30
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Avola
OSCAR-2301
Pillow Knob er ein fjelltopp, 810 moh, som trengjer gjennom snødekket nordaust i Williams Hills i Neptune Range i Pensacolafjella. Han vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1956-66. Det skildrande namnet vart foreslått av Dwight L. Schmidt, ein geologi for USGS i desse fjella, 1962-66.
2022-12-03T15:57:15
https://mapio.net/wiki/Q7194192-nn/
OSCAR-2301
Alle fjelltrimpostane skal ligge ute frå 16. juni til 28. september. Ein del postar blir lagt ut tidlegare, når forholda tillet det, frå 1.mai og utover.
2022-12-01T23:21:22
http://www.eidsdalil.no/?author=1
OSCAR-2301
Skospenne til bunadsko. Bunadsølvet er handlaga på vår eigen verkstad i Kviteseid. Sølja du kjøper kan avvike frå bildet då ingen søljer er heilt like.
2022-12-08T09:16:03
https://www.gullsmedaabo.no/vare/skospenne/
OSCAR-2301
Jula er ein kjøpefest ifølgje handelstanden, men treng det vere slik? Nei, seier vi i Norsk Barneblad. Jula treng ikkje vere ein kjøpefest som ikkje alle kan, eller vil, bli med på. Jula treng ikkje vere dyr for å vere hyggeleg. Ei dyr jul er ikkje noko betre og meir minnerik enn ei meir nøktern jul. Garantert ikkje. Det er vi menneske som gjer jula fin, ikkje alt vi kjøper. Så i år går vi for ei heimelaga og rimeleg jul.
2022-12-07T11:35:59
https://www.barneblad.no/blogs/news/juletre-1
OSCAR-2301
Gamle Marte Sande album. Frå Amerika. Bror av Marte, Andreas Bødal, og kona hans. Andreas reiste over åleine på slutten av 1800-talet. Han gifta seg med ei norsk-amerikansk dame og fekk familie. Han gjorde det visst godt, og hadde god økonomi. Etter første ulukka, då barndomsheimen vart øydelagt og mykje familie/slekt omkom, ville han ikkje heim og sjå. Besta trygla og bad han om å kome, men han ville bevare minnet frå slik som det var då han reiste.
2022-12-04T15:52:29
https://loen-bilder.info/loktest/person2261bilde.html
OSCAR-2301
Silje Solberg er hardingfelespelar og kvedar frå Osterøy. Ho er utdanna på Ole Bull Akademiet, og har fordjupa seg i folkemusikktradisjonen i Nordhordland. I haust er ho aktuell med utgivinga Nordhordlandsslåttar 3, som er ein dobbel-CD med 52 hardingfeleslåttar frå Osterøy, og ei bok om spelemennene som spelte slåttane.
2022-11-30T21:04:55
https://www.employ.no/ansatte/silje-solberg
OSCAR-2301
Halsknapp med mønster frå Ål i Hallingdal. Laga i 925S, oksidert. Halsnåla er satt saman av 2 knappar med ein diameter på 18 mm.
2022-11-30T23:39:25
https://butikk2.bunadshandel.no/halsknapp-p129.html
OSCAR-2301
NB! Nokre av løypekarta er laga ved hjelp av ein GPS som ikkje er heilt påliteleg. Både løyper og oppgjevne avstandar må takast med ei klype salt.
2022-11-26T22:33:29
https://turgutane.org/turprogram-og-kart/nokre-turar/
OSCAR-2301
Advokatkontoret i Vågå er eit kontorfellesskap med tre advokatar som tilbyr eit breidt spekter av juridiske tenester til næringsliv og privatpersonar.
2022-12-07T14:10:33
https://vagaadvokat.no/2019/11/25/eksempel-nyhende/
OSCAR-2301
Kva har Siv Jensen sitt indianarkostyme, og isbit-utvinning frå Svartisen med vin å gjere? Det kjem vi til. Men du har kanskje allereie byrja å sjå teikninga her? Det handlar om å følgje skrivne og uskrivne reglar, om moralske kompass ute av kurs, ja slike ting. Fellesskap Som vinbonde og/eller vinprodusent er ein som regel del av eit fellesskap med andre i same situasjon på … Les meir Kardinalsynd og juksepavar #4
2022-12-03T00:15:11
https://www.nattverden.com/tag/alexander-vik/
OSCAR-2301
Big Ben er eit vulkansk fjellmassiv som dominerer geografien på Heardøya i det sørlege Indiahavet. Det er ein komposittkjegle med ein diameter på kring 25 kilometer. Den høgaste toppen er Mawson Peak, på 2745 meter over havet. Mykje av fjellet er dekt av is, inkludert 14 store isbrear som glir ned frå Big Ben til sjøen. Big Ben er det høgaste fjellet i australsk territorium. Eit mindre vulkansk nes, Laurenshalvøya, strekkjer seg kring 10 km i nordvest, skapt av ein separat vulkan, Mount Dixon. Det høagste punktet her er Anzac Peak, på 715 moh.
2022-11-30T08:22:43
https://mapio.net/wiki/Q858516-nn/
OSCAR-2301
Det vart teke inn i systemet i 1960. I Frankrike vart forstavinga teken i bruk allereie i 1795. Deka kjem frå gresk δέκα, som tyder ti.
2022-12-03T06:09:05
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Deka
OSCAR-2301
1. mai kastar me loss frå båthavna i Strandebarm.Me har heile 4 mnd. på ein tur nordover og heim.Me tek høgde for att sommar-antrekk i år blir ullkle av ulik kvalitet og tjukkelse. Cirkeline 2 ligg enno nedpakka i båsen sin på Bakka- men me har så smått byrja å tenkja på kva som må vera på plass før me kastar loss. Denne bloggen her er ein av tinga me lyt læra oss, slik att vener og familie som ikkje har høve til å vitja oss på turen, også kan fylja oss om dei har lyst 🙂
2022-12-07T03:52:44
https://cirkeline2.org/2014/01/23/planen/
OSCAR-2301
HIJAB OG NIKAB: Viss ein verkeleg vil ta eit oppgjer med tvang, så kan ein ikkje samtidig bruke statleg makt i spørsmål om klede, skriv Morten Myksvoll. Jan Thomas Espedal, Scanpix
2022-11-27T14:23:52
https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/p5bVE/klesforbod-vil-gjere-integreringa-vanskelegare
OSCAR-2301
Mount Austin er eit kjenneleg fjell med ei høgd opp mot 955 moh, som ligg ved Gardnerfjorden, på austkysten av Palmer Land. Det vart oppdaga av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, under Finn Rønne, og vart namngjeven av han etter Stephen F. Austin, ein amerikansk kolonisator i Texas og ein av grunnleggjarane av Republikken Texas.
2022-12-06T11:45:41
https://mapio.net/wiki/Q6919536-nn/
OSCAR-2301
Miranda Peaks er ei rekkje på kring seks fjelltoppar på sørsida av Uranusbreen, aust på Aleksanderøya i Antarktis. Fjella were fotografert av Lincoln Ellsworth, 23. november 1935, under ein flytur over Antarktis og vart kartlagd frå flyfoto av W.L.G. Joerg. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter plasseringa nær Uranusbreen. Miranda er ein av månane til planeten Uranus.
2022-12-04T01:10:59
https://mapio.net/wiki/Q7223980-nn/
OSCAR-2301
Der er det fleire modellar å velgje i eller ta utgangspunkt i, og ein kan få eigenarta hytter i eit unikt område.
2022-11-27T03:14:08
http://www.heidallaft.no/project/lafta-hytter-sjodalen/
OSCAR-2301
Motorskip (båtnemning MS) er eit samleomgrep som vert nytta om sjøgåande skip som får framdrifta si frå ein motor ombord, vanlegvis ein dieselmotor. Motorskipa ymsar mykje i storleik og bruk.
2022-12-03T03:45:08
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Motorskip
OSCAR-2301
Libeccio er ein vestleg eller sørvestleg vind som finst på nordsida av Korsika store delar av året. Han fører ofte til høge bølgjer og kan medføre kraftige vindkast. Vinden er mest stødig om sommaren, men om vinteren vekslar han med tramontanevinden (nordaust eller nord).
2022-11-27T12:17:21
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Libeccio
OSCAR-2301
Frå og med kveld 21.juli 2022 er det kokevarsel på drikkevatnet som kjem frå Tømmeråsen høgdebasseng. Vi har hatt eit lite utslag på vassprøver. Ny prøve blir teke i dag og sendt så raskt som mogleg til analyse. Vi sender ut varsel og informasjon så snart vi veit meir. Vi ber om orsaking for ulempa dette gjev. Dei huseigarar det gjeld er varsla via SMS.
2022-12-08T11:56:13
https://www.seljord.kommune.no/kokevarsel-paa-vatn-fraa-toemmeraasen-hoegdebasseng.6539503-480104.html?printable=1
OSCAR-2301
Ida Kinden Jonassen frå Kvernevik har skrive ei barnebok med eit tema utanom det vanlege. Her handlar det ikkje om prinsar eller prinsesser, men om det å ha eit barn eller søsken for lite. Korleis vart ...
2022-12-03T03:30:44
http://www.xn--srfylket-54a.no/tags/syskenkjaerleik.htm
OSCAR-2301
Byggjesakbehandlingen blir raskare dersom det er innhenta eventuelle merknader frå aktuelle naboar og offentlege/private instansar før innsending av søknaden.
2022-12-07T09:36:49
https://www.vik.kommune.no/tenester/plan-bygg-brann-og-eigedom/bygge-rive-eller-endre/byggesoknad-for-fagfolk-med-ansvarsrett/
OSCAR-2301
Organisk fjongtaske med sjampo, balsam og saltvatnspray. Alt du treng for å sjå ut som ein filmstjerne. Og kven vil ikkje da? Taska er laga av organiske tekstila, er bærekraftig ned til den minste tråd, og er ein gåve frå oss til deg – du er jo snart kjendis!
2022-12-06T03:13:42
https://lyngihaaret.no/produkt/filmstjerne-pakka/
OSCAR-2301
Schmutzler Nunatak er ein nunatak med ei høgd opp mot kring 1500 moh, 1 nautisk mil (1,9 km) nordvest for Neff Nunatak og 1,5 nautiske mil (2,8 km) sør-sørvest for Gaylord Nunatak i Grossman Nunataks i Palmer Land. Han vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå flyfotografi teken av U.S. Navy 1965-68. Han vart namngjeven i 1987 av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Robin A. Schmutzler, kartograf i USGS og medlem av ei felles geologgruppe frå USGS-BAS til Orville Coast i 1977-78.
2022-12-08T06:53:21
https://mapio.net/wiki/Q7431855-nn/
OSCAR-2301
. Der har me nemleg vår eigen jolenøttkalender, med kvåsrelaterte spørsmål frå 1. til 24. desember. Difor; kom deg på Facebook – og bli med!
2022-12-02T11:55:00
https://kvas.no/?m=201111
OSCAR-2301
Hummarfamilien er ein familie med 48 kjende artar marine krepsdyr, mellom dei hummar og sjøkreps. Fleire av artane er viktige på skalldyrmarknaden; ein reknar med at hummerindustrien har ein årleg omsetning på $1,8 milliardar.
2022-11-28T16:25:35
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Hummarfamilien
OSCAR-2301
UNDERSLAG: Då Oslosenteret avdekte underslag på vel 850.000, valde leiinga å ikkje informere sponsorar og dei gjekk ikkje offentleg ut med misleghaldet.
2022-12-02T23:23:41
https://www.vl.no/nyheter/2022/05/15/oslosenteret-far-strekk-for-hemmeleghald/
OSCAR-2301
Bli med Bothild Å. Nordsletten på ei oppleving om korleis livet til humla er frå vår til haust. Bothild lærer deg korleis du kan sjå verda med humleauge og oppleva korleis hagen, nabolaget og skulevegen openberrar seg på ein heilt ny måte. Kvifor er det så lite blomar og så mykje plen? Kva blomar veks kor og til kva tid? Kor kan insekta finna frukost, lunsj og middag? Dette er nokre av spørsmåla som du kan få svar på denne ettermiddagen på Hå. Kanskje får du og sjå eit ekta humlebol.
2022-12-02T19:01:19
http://www.hagamleprestegard.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=179&lang=11&MId1=4703
OSCAR-2301
Peter Olsen Bolstad (31. oktober 1872–26. februar 1924) var ein norsk lærar og gardbrukar frå Hattfjelldal som valbolken 1916-18 representerte einmannskrinsen Nordre Helgeland og valbolken 1922-24 fylkeskrinsen Nordland på Stortinget, begge perioidane vald for Det norske Arbeidarparti. Bolstad var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han eksamen ved Tromsø seminar i 1895 og var sidan lærar i heimbygda Hattfjelldal til han døydde. Frå 1903 dreiv han også gardsbruket Svensklid. Han var varaordførar i heradet 1910-13 og ordførar 1913-16. Elles var han i to periodar formann i skulestyret i Hattfjelldal. Hausten 1915 vart Bolstad vald til å representere Nordre Helgeland på Stortinget i treårsbolken 1916-18, han var då medlem i Gasje- og pensjonskomiteen. Etter å ha vore ut av Tinget perioden 1919-21 kom han tilbake som stortingsmann frå nyår 1922, vart då vald til sekretær i Landbrukskomiteen. Bolstad døydde vinteren 1924 og vart erstatta av vararepresentanten Ramberg.
2022-12-03T19:39:06
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Peter_Bolstad
OSCAR-2301
PURE ​Satisfaction er servicegarantien din hjå PURE​ Hotels. Er du ikkje fornøyd med opphaldet ditt får du eit gåvekort for eit nytt opphald på det hotellet som ikkje klarte å innfri forventningane dine. PURE​ Satisfaction inneber at vårt vertskap skal levere eit godt hotellprodukt og venleg service med eit smil. Det betyr vidare å behandle tilbakemeldingar frå gjestane våre på ein profesjonell måte og å kompensere rettferdige klager med rausheit.
2022-12-09T19:56:09
http://purehotels.no/no/satisfaction
OSCAR-2301
Denne sida skildrar ein kombinasjon av to bokstavar som anten kan vere ei forkorting, eit norsk ord, eit ord i eit anna språk eller ein kombinasjon av desse. Om ein artikkel peikte her, så kan du kanskje gå tilbake og rette opp lenkja slik at han peikar til den riktige artikkelen. Sjå alle artiklar som byrjar med byrjar med NS.
2022-12-05T01:30:04
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/NS
OSCAR-2301
Ruth Lillegraven er ein kjær og mangfaldig forfattar. På Lofthus møter vi barnebokforfattaren Ruth, som les og fortel frå Klodeklubben-bøkene og utdrag frå diktsamlingane sine. Best for dei over frå seks år og oppover. Boller frå Fløy bakeri!
2022-11-30T03:31:29
https://www.litteratursymposiet.no/program/all-programs/klodeklubb-og-dikt-for-barn
OSCAR-2301
"Herrens lov er fullkomen, ho gjev sjela nye krefter. Herrens lovbod er å lita på, det gjer den urøynde vis." Sal 19,8 Eit tre vert verdsett etter den frukta det ber, ikkje etter mengda med blad. Verdien av ei bok ligg i den verknaden ho har, ikkje i storleiken eller utstyret hennar. Såleis må vi verdsetja Herrens ord òg etter den verknaden det har på oss. Ein kjend mann har sagt: Eg har mange bøker som eg ikkje kan setja meg ned og lesa. Dei er gjerne gode og sunne, men dei er som koparmynt − det skal ei stor mengd til for å koma opp i ein liten sum. Det finst sølvbøker og nokre få gullbøker; men eg har éi bok som veg opp alle saman, og den boka heiter Bibelen. Herrens lov er fullkomen. Med Herrens lov meiner David heile Ordet som Gud har openberra. Som sola provar sin verdi ved å lysa og varma, såleis provar Herrens ord òg sin herlegdom ved å "gje sjela nye krefter". Vi kan ikkje leggja fram matematiske prov på at Ordet er frå Gud; men vi har kjent korleis det verkar på hjarto våre, og denne verknaden kan berre Gud skapa. Den beste måten å læra å kjenna Bibelens verdi på, er å bruka han. Ingen prov er sikrare enn dei som røynsla gjev. Eg veit at sola gløder, for ho varmar meg. Eg veit òg at Bibelen er frå Gud, for han har endra hjarta mitt og livet mitt. Han gjer den urøynde vis. Han skaper glede i hjarta og leier den ærlege på den rette vegen.
2022-11-26T17:11:21
https://www.bibelutfordringen.no/2020/02/dagens-bibellesning-salmenes-bok-18-20.html
OSCAR-2301
Anne Grethe Thiis Vestrheim kjem som pårørande og skal halde innlegg. I tillegg kjem ein representant frå demensteamet i kommunen for å snakke om kommunikasjon med demenssjuke.
2022-12-07T09:30:18
https://kvaskjerkultur.no/programoversikt/temakaf%C3%A9-for-demensp%C3%A5r%C3%B8rande-30-11-22
OSCAR-2301
Erlend O. Nødtvedt sin første roman, «Vestlandet», er eit burlesk og regnvått portrett av mennesker, landskap og land i endring. Ein biletkunstnar og ein poet trassar uvêr, ras og stengde tunnelar på ein fuktig odyssé gjennom dramatisk Vestlandsnatur. Som leieemotiv har dei Anders Lysne, bondeopprøraren og vegbyggaren frå Lærdal, som vart halshogd i Bergen i 1803. Langs smale og farlege vegar treffer dei på alt frå døde og levande kunstnarar og forfattarar, til spelemenn, separatistar og tobakksbønder.
2022-11-30T15:11:35
https://www.litteratursymposiet.no/program/all-programs/vestlandet-i-meg
OSCAR-2301
Desse teikningane tek opp synspunkt på naturfaglege problemstillingar frå dagliglivet og er gode utgangspunkt for diskusjon.
2022-12-02T05:22:09
https://www.naturfag.no/tema/vis.html?tid=2106392
OSCAR-2301
Mount Martine er eit massivt fjell, kring 800 moh, med ei kjend klipperik nordside og isdekte sørside, oppom nordkysten av Charcot Island like sør for Cheesman Island. Det vart oppdaga og grovt kartlagd den 11. januar 1910 av Den franske antarktisekspedisjonen under dr. Jean-Baptiste Charcot, og vart namngjeven av han i samband med Mount Monique og Mount Marion Nunataks etter dottera, Martine. Det vart fotografert frå lufta den 9. februar 1947, av U.S. Navy Operasjon Highjump og kartlagd frå desse bileta av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960.
2022-12-03T13:03:07
https://mapio.net/wiki/Q6922035-nn/
OSCAR-2301
I kjellaren på Ridderkroa er det kafé/restaurant. Her vert det servert god heimelaga mat i lyse og trivelege lokale. Ein kan få kjøpe mat frå ein variert meny, eller a la carte.
2022-12-09T16:13:58
http://ridderkroa.no/kafe-restaurant/
OSCAR-2301
Her er eit utvalg av aktivitetar som ein kan finne på då ein er i Vik Fjellandsby i tillegg til det attraktive området utenfor hytteveggen.
2022-11-29T21:39:27
https://vikfjellandsby.no/aktivitetar/
OSCAR-2301
To karar har hatt ein ganske fuktig kveld som starta på rommet. Når dei gjekk frå rommet tok den eine med seg begge nøkkelkorta og kortet som sto i lysbrytaren. Utpå morgonkvisten finn den andre ut at han vil gå og legge seg og spør makkeren om han kan få kortet. – Her, seier han og held fram visakortet sitt. – Men ikkje bruk for mykje no då!
2022-12-08T07:17:46
https://fordebridgeklubb.com/Kortforvirring.htm
OSCAR-2301
Norske menn i hus og hytte er ein Notodden-basert trio med eige materiale på morsmålet. Sjangermessig er hus&hyttefolket ein hybrid, frå den vare visa til pop og tyngre bluesa stoff.
2022-12-01T13:34:26
https://www.litteratursymposiet.no/program/all-programs/norske-menn-i-hus-og-hytte
OSCAR-2301
Ein lastebil som kom køyrande gjennom Folgefonntunnelen tysdag ettermiddag, fekk ein trebjelke i frontruta. Føraren blei heldigvis ikkje skadd.
2022-11-29T14:15:29
https://www.kvinnheringen.no/nyhende/trafikkuhell/folgefonntunnelen/fekk-bjelke-i-frontruta/s/5-27-45582
OSCAR-2301
Seim musikklag vart stifta i 1999, og kjem frå Lindås kommune i Nordhordland. Korpset spelar konsertar i nærområdet, og deltek på enkelte konkurransar.
2022-11-29T15:22:18
https://www.oslobrassfestival.rocks/fredag/3_6/Seim-Musikklag
OSCAR-2301
Den korte romanen har eit både poetisk og naturvitskapleg språk. Midt i klangen av nøye komponerte setningar finn vi lavaerupsjon, mikroorganismar, glaspartiklar og kolonisering. Det føregår saumlaust, siden oenget til Karlsvik, der ho teiknar opp dei geologiske forholda frå jordas indre til over havflata, er å knyte naturfenomen og menneskeleg erfaring saman. For ikkje å seie kunstnarisk erfaring: "Men geologisk dramturgi er, på botnen, teatralsk. Han teiknar opp eit landskap av horisont som blir brote av ei øy, ei øy med stigningar og fall. Linene blir teikna av kreftene innanfrå og utanfrå." Isolert set kan desse skildringane sende tankane til starten av 1990-talets beinharde poesi basert på stålkantar, der linjer, flater, speglar og inklar abstrakt nok fekk berre det meste av meininga. Men i samanhengen opplever eg ikkje Karlsviks roman slik, snarare som ein presis, lyttande og vennleg måte å knyte natur og menneske saman på. På språkoverflata kjem ein ny klang til synes - det islandsk-norske: "Ho blir fælinn og hlauper bort til skrentinn og klatrar nedover." Dette skapar ein slags autentisk geografisk stemning, men står der òg som eit eige språkprosjekt, som eit eige Surtsey."
2022-12-01T09:25:21
http://www.skrift.info/artikkel/ein-presis-lyttande-og-vennleg-mate-knyte-natur-og-menneske-saman-pa
OSCAR-2301
Festøy er strengt tatt ikkje del av Hjørundfjorden, men gamle Vartdal kommune. Festøy er ein gammal plass, minst frå vikingtida og då eit sentralt kommunikasjonspunkt. Herfrå sende dei "vetesignal" (sjå Festøykollen). Festøy er slett ikkje ei øy, slik namnet kan indikere. Nei, namnet kjem frå at dette var staden ein fekk i land bufeet til sommarbeite i fjordane (fe-stød). I dag er Festøy først og fremst ein ferjestad. Her kan du krysse til enten Solavåg (E39 til Ålesund) eller til Hundeidvik (mot Sykkylven). Reisa over mp du ta på øvste dekk. Då ser du Hjørundfjorden i heile si lengde og enda vidare - heilt sør til Hornindalsrokken i Sogn og Fjordane. Skal du inn langs fjorden er det nettopp her du tek av frå E39 innover fylkesveg 65. Du passerer matfiskanlegget (torsk) til Atlantic Cod Farms. Verksemda med matfisk vert leia frå Festøy, medan yngelproduksjonen pr. 2008 skjer på Fosen i Rissa kommune I industribygget rett innanfor anlegget held Bacalao-fabrikken AS til. (klippfisk vert utvatna, miksa med ingrediensane potet, tomatpuré ++ og vips så har du bacalao). Festøykollen (ca. 900 m.o.hh.) over Festøy ser du lett frå frå sjøenå veg over med ferja. I Barstadvika seier dei Romestrandhornet om toppen. På "Strendene" i I Hjørundfjorden seier vi Grøtvarden. Den tida Hjørundfjorden skulle stå for eit vikingskip i krig (leidangtida) var Grøtvarden en stad varden skulle tennast. Dette er eit lett turmål, opp frå Skarbødalen, opp fra Brattheim eller frå Vollane i Barstadvik. Vindsneset er neset du runder rund svingen etter Festøya. Namnet kjem av å vende- å snu: Der landet snur og Hjørundfjorden opnar seg. Oksen Oksen nederst i Oksura er grensa mellom kommunane Hjørundfjorden og Vartdal før i tida. Steinen ser ut som ein "burande" okse sett frå sjøen.
2022-12-09T09:25:29
https://www.hjorundfjord.no/?komponent=statisk&statisk_id=88
OSCAR-2301
KJAPP PRISUTDELING: Æresmedlem Arild Røen (i midten) tok seg ein ørliten pause frå løpsleiar-jobben for å ta i mot den svære pokalen frå Tor Vilhelm Tysseland (t.v.). Per Arne Aadland fekk overrekt eit rosemåla fat som løn for sine tjue år i idrettslaget. FOTO: Marianne A. Reistad
2022-12-01T20:23:36
https://samningen.no/2022/06/arild-roen-har-vorte-aeresmedlem-i-idrettslaget/
OSCAR-2301
Oppgjeret mellom Fbk Voss og Åsane 2 vart ein thriller med mange mål, høg temperatur og eit svært viktig poeng til heimelaget.
2022-12-03T18:09:21
https://www.avisa-hordaland.no/seks-mal-og-to-raude-kort-kan-vera-kampen-som-redda-opprykket/s/5-132-450618
OSCAR-2301
– Me kan ikkje ha det slik at folk skal stå i lange bilkøar på veg til og frå treningar og idrettsarrangement, meiner Odd Arne Haga (Frp). Han føreslo nyleg å innhenta totalentreprise på tofeltsveg til Hagabotnane, og fekk fleirtalet i kommunestyret med seg.
2022-12-01T19:57:41
https://samningen.no/2021/03/vil-ha-tofeltsveg-til-idrettsanlegget/
OSCAR-2301
Alarmsentralen melde onsdag ettermiddag på twitter at dei rykte ut til eit hus i Gaupne, der eit dyr var i naud.
2022-11-26T19:44:23
https://www.sognavis.no/brannvesenet-kalla-ut-til-dyr-i-naud-i-luster/s/5-115-764766
OSCAR-2301
I 1989 blei det starta ei ny husgruppe i Bryne frikyrkje. Medlemmene frå Bore og Sele hadde eit konkret kall om å vinna menneske for Jesus på Klepp. Pastor Bruno Jakobsen i Bryne frikyrkje var ein sterk pådrivar og støttespelar for å starte ei ny kyrkje. Dette blei starten på det som skulle bli Klepp frikyrkje. Etterkvart drog dei i gang med gudstenesteliknande møte på bedehusa i området. Dei hadde eit brennande ønske om at folk skulle bli frelst. Dette skjedde også, menneske møtte Jesus og blei med i fellesskapet. Visjonen "Frelse - Fornying - Fellesskap" kom ganske tidleg til, ikkje som kyrkjestruktur, men som eit verktøy for at menneske skulle bli frelst. Etterkvart flytta ein møta til Jæren folkehøgskule. Gudstenestene hadde ein klar profil og sosial samling med kyrkjekaffi etterpå var allereie på plass. Folk blei inviterte inn i eit varmt fellesskap. 1.påskedag 1996 - Kyrkje og kyrkjebygg I 1996 tok medlemmene i kyrkja eit stort steg ved å ta opp lån for å kjøpa nåverande kyrkjebygg i Jærvegen 545. Klepp frikyrkje blei formelt stifta 1.påskedag 1996. Det var også på denne tida ein tok kontakt med Runar Landro, som blei den første pastoren i Klepp Frikyrkje. Dei første åra var det tilflyttarar eller nyfrelste som blei medlemmer i kyrkja. Seinare kom også medlemmer frå andre fellesskap til Klepp frikyrkje. Menigheita vaks særleg gjennom Alpha-kurs og målretta evangelisering. I 2003 var kyrkjebygget for lite. Ein starta då å ha gudstenestene på Klepp rådhus. Dette haldt ein fram med til 2010. I dag I tillegg til storfellesskapet med gudstenester på sundagane, har smågrupper som vekstgrupper, bibelgrupper og huskyrkjer alltid vore viktige i Klepp frikyrkje. Det same gjeld barne- og ungdomsarbeidet. Kyrkja har også opplevd ein særskilt tilvekst av folk frå andre land. Særleg gjeld dette ei stor filippinsk gruppe, som kom til gjennom den internasjonale huskyrkja i kyrkja vår. I 2021 blir Klepp frikyrkje 25 år og det er framleis ei kyrkje med stort spenn på mange nivå. Me har mange barnefamiliar og stor breidde i nasjonalitet, alder og bakgrunn.
2022-12-03T05:27:56
https://klepp.frikirken.no/om-oss/historie
OSCAR-2301
Ligger fint til heilt ved sjøen, sol frå morgen til kveld. Fine turmuligheter både til sjø og til fjells. Offentlig badeplass ca. 200 m frå campingen. Stilt og rolig ingen trafikk. Mulighet for leige av båt.
2022-12-09T23:47:59
https://campio.no/campsite/fitjar-sjo-og-camping
OSCAR-2301
Marion Skogseth Bjørsvik frå Valen er plukka ut som ein av 10 deltakarar i Music Norway sitt Master-program.
2022-11-27T05:19:25
https://www.kvinnheringen.no/marion-28-plukka-ut-til-spennande-leiarprogram-for-unge-bransjetalent/s/5-27-302904
OSCAR-2301
Lorus er eit klokkemerke som designar og produserar armbåndsur, veggur og vekkerur. Fokus er å skape eit produkt som gir høg verdi og ytelse ut frå kva kunden ønskjer. Lorus sitt løfte er å vere klar, ærleg og tydeleg. Dag etter dag, år etter år. Lorus er eit klokkemerke du kan stole på. Klokkene frå Lorus produserast etter Seiko Watch Corporations (SWC) krav og retningslinjer, og er kvalitetsklokker i ein lavare prisklasse.
2022-12-02T06:04:12
https://gullogurforde.no/merker/lorus/
OSCAR-2301
Helse, Nyhende | I fjor brukte kommunen 18 millionar på vikarar frå vikarbyrå. Ønsket er fleire i faste stillingar
2022-12-03T14:11:51
https://www.kvinnheringen.no/i-fjor-brukte-kommunen-18-millionar-pa-vikarar-fra-vikarbyra-onsket-er-fleire-i-faste-stillingar/s/5-27-201001
OSCAR-2301
12. mars var det eitt år sidan korona-pandemien førte til nedstenging i Norge. Her ser du endå fleire tilbakeblikk frå ulike nyhendesaker Kvinnheringen har skrive om pandemien og korleis den har påverka oss.
2022-12-02T02:06:07
https://www.kvinnheringen.no/sja-fleire-bilde-fra-korona-aret-i-kvinnherad/g/5-27-279510
OSCAR-2301
Acetat eller etanat er eit salt forma av eddiksyre og ein alkalisk, jordisk eller metallisk base. Acetat har kjemisk formel CH3COO–.
2022-12-07T21:27:36
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Acetat
OSCAR-2301
Kven er du, og kor kjem du frå? Eit spørsmål alle og ein kvar kanskje ein gang i livet har undra seg over.. 2020 vart ikkje det året eg trudde det skulle bli. Men heldigvis, er ikkje året over enno, og mykje kan skje. Det kom ei rar kjensle over oss alle, tidleg i Mars. … Les mer Om spanskesjuka og vesteraalens fiskeboller →
2022-11-28T07:11:28
https://siljesykepleier.com/tag/oksnes-vestbygd/
OSCAR-2301
Dzjankoj (ukrainsk og russisk Джанкой, krimtatarisk Canköy) er ein by nord på Krimhalvøya i Ukraina og det administrative senteret i Dzjankoj rajon. Han ligg kring 93 km frå hovudstaden på Krim, Simferopol. To jernbanelinjer, Kharkiv-Sevastopol og Armjansk-Kertsj, kryssar Dzjankoj. I 1926 fekk Dzjankoj bystatus. Byen har kring 35 000 innbyggjarar i dag.
2022-12-06T15:31:26
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Dzjankoj
OSCAR-2301
Sundag 9. desember kl. 20.00 er det konsert med Norheimsund & Øystese Ungdomskor i Norheimsund kyrkje. Koret kjem ut med sin rykande ferske cd, «Bound By His Spirit». Det vert ein variert konsert med songar frå cden, nytt repertoar og sjølvsagt julesongar. Gratis inngang – kollekt. Sal av cd. Alle er hjarteleg velkomne!
2022-12-09T05:34:41
https://www.bedehusweb.no/2012/11/konsert-og-cd-slepp-9-desember/
OSCAR-2301
Anela (sardisk Anèla) er ein kommune i Italia. Han ligg i provinsen Sassari i regionen Sardinia. Anela har 645 innbyggjarar[1] og ligg i ei høgd på 446 meter over havet.
2022-12-01T07:08:51
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Anela
OSCAR-2301
Thea Vaage (26) frå Sunde er innstilt som Kvinnherad Arbeidarparti sin ordførarkandidat til neste års kommuneval.
2022-12-06T04:06:13
https://www.kvinnheringen.no/thea-26-blir-ap-sin-ordforarkandidat-eg-er-bade-takksam-og-audmjuk/s/5-27-397224
OSCAR-2301
Firdaløpet er klubben sitt hovudarrangement og blir arrangert kvart år i juni månad. Det vart arrangert første gang i klubben sitt skipingsår 1979. Her kan du sjå bilete frå mange av løpa dei seinare åra. Det finns også litt bilete frå dei tidlegaste løpa, men ikkje alle er like lette å tidfeste, så dei har vi lagt under historiske bilete.
2022-12-02T19:57:30
https://www.smieposten.no/firdalopet-i-bilete/
OSCAR-2301
Fylkesveg 250 i Rogaland går mellom Braut og Erga i Klepp kommune. Vegen er 5,4 km lang og vert kalla Brautvegen.
2022-12-05T11:32:53
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Fylkesveg_250_i_Rogaland
OSCAR-2301
Lars Bjarne Marøy er ein norsk skribent og målmann. Marøy var medarbeidar i bladet Vestmannen, der han seinare tok over som bladstyrar (frå 2000 til 2002). Frå 2002 tok han til å skriva i bladet Målmannen, som han fram til 2020 gav ut saman med Olav Torheim. Han var leidar for Vestlandske Mållag i ein tiårsperiode (1994-2004), og ein pådrivar for revitaliseringi av høgnorskrørsla på 1990-talet. Marøy hev skrive eit hopetal med målpolitiske artiklar som er vortne publiserte i Vestmannen, Målmannen og på høgnorskportalen sambandet.no.
2022-12-01T03:11:36
http://sambandet.no/wiki/index.php?title=Lars_Bjarne_Mar%EF%BF%BD%EF%BF%BDy&oldid=522
OSCAR-2301
Studentvaktene våre inviterer til quiz frå vekas aviser fredag 3. desember. Ta med ein medstudent og bli med! Vi trekker ein heldig vinnar som får ein liten premie.
2022-12-08T13:57:32
https://www.ub.uio.no/kurs-arrangement/arrangementer/ujur/2021/adventsquiz.html
OSCAR-2301
Fantastisk kjekt å få fortelja om prosjektet «Digital rørsle for eldre». De kan sjå innlegget frå Rørsle i lenke under.
2022-12-06T07:31:06
https://www.roersle.no/leve-hele-livet-inpirasjonskonferanse/
OSCAR-2301
Denne gjengen løyste 11872 rekneoppgåver og gjekk ei strekning tilsvarande Ulnes-Barcelona i mai månad. Godt jobba!
2022-12-09T11:34:12
https://www.valdresmontessori.no/post/mattemaraton-2022
OSCAR-2301
"Kva skal vi gjera med dessa bæri" undrast Nils og Kari Lerum då to stampar med bringebær stod att på kaien i 1906. Det blei starten på eit eventyr.
2022-11-30T19:48:56
https://www.porten.no/bildeserie-lerum-luster/bli-med-inn-i-nils-og-kari-lerum-sitt-safteventyr-pa-sorheim/227436
OSCAR-2301
Eg er ein av desse du ser haste over linoleumsgolvet i den pulserande bygningen. Ein av dei i andre enden av telefonrøyret når du ringjer 113.
2022-12-03T11:22:56
https://www.htaksjonen.org/single-post/2019/01/25/kutta-sett-fr%C3%A5-sjukehusgolvet-eit-sviktande-hjarte
OSCAR-2301
Hei alle saman, her er ett par bilder frå en liten hausttur mellom regnbygene.. Bjarte og Emma sørga for bål og pølse med brød. En flott ettermiddag på Kleberget med ett lite innslag av sol!
2022-12-01T23:23:54
http://www.sandanesmaabaatlag.com/89315622.html
OSCAR-2301
Rothenbrunnen (Giuvaulta på retoromansk) er ein kommune i distriktet Hinterrhein i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 314 innbyggjarar (2010) og eit areal på 3,11 km². Kommunesenteret ligg 625 meter over havet. Kommunen ligg i krinsen Domleschg. Han er ein gatelandsby på høgresida av elva Hinterrhine og omfattar òg busetnaden Ravetsch (retoromansk Ravetg) KjelderEndra Denne artikkelen bygger på «Rothenbrunnen» frå Wikipedia på engelsk og «Rothenbrunnen» frå Wikipedia på tysk, den 17. mars 2012.
2022-12-07T08:11:56
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Rothenbrunnen
OSCAR-2301
Quest er eit fritt improviserande band som hentar impulsar frå ulike typar musikk: jazz, rock og folkemusikk. Klangen frå dei akustiske instrumenta blandar seg med den elektroniske behandla lyden gir eit fantastisk samla uttrykk. Det berande elementet i musikken er improvisasjon der omgivnadene speler med, og ofte heilt konkret i form av sampla lydar frå nærmiljø.
2022-12-06T05:11:26
https://www.jazzklubben.no/quest
OSCAR-2301
Fredag 23april og Laurdag 24april fekk Herøy Dykkerklubb besøk av 5 kara frå Risør. Håkon Sandvik som var tur - ledar og broren har dykka en del på kysten her før. Dei overnatta i eit slekts hus i Sandvika tett før Larsnes.
2022-12-05T12:08:03
http://www.heroydk.no/index.php?start=43
OSCAR-2301
«Jolegama» er eit sterkt og mørkt joleøl i belgisk stil, der mykje av fargen kjem frå bruken av mørk kandissirup. Humlinga er diskret og ølet får mykje av smaken frå gjæringa. Me bryggjar i god tid før jol for ein avrunda smak med innslag av karamell, sjokolade, tørka frukt og vinøse tonar. Ølet serverast på 10-12°C i eit passande glas for seg sjølv, eller til joledesserten. God Jol!
2022-11-27T09:00:46
https://drikkeportalen.no/produkt/jolegama/
OSCAR-2301
Velkomen til heimesida vår! Her finn du info om Ni Liv – americana-bandet frå Bø og Telemark. Me jobbar mot eit jublileumsalbum i 2023. Da har me heldt på i 20 år! Jon og Joffe skriv låtar, med hyppig input frå Terje, Knut og Eivind. Men før den tid: Håpar å sjå deg på Ni Liv-konsert!
2022-12-07T05:35:41
https://www.niliv.no/
OSCAR-2301
I Sauda kyrkje framfører dei ein saudaversjon av publikumssuksessen "Julelegender". Sauda Barnegospel medverkar. Julelegender er namnet både på Kjell Inges plate frå 2011, og på ein serie forestillingar han har spelt sidan 2009. Han har reist hit og dit – og hausta mange glade tilbakemeldingar. Her er Kjell Inge Torgersens "Stjernenatt" frå albumet Julelegender. Denne låta blei A-lista på NRK P1.
2022-12-09T02:49:50
https://kjellingetorgersen.no/index.php/event/julelegender-i-sauda-kyrkje
OSCAR-2301
Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som treng ein pause frå festivalprogrammet – men som ikkje har lyst til å ta den. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til fire av festivalens engelskskrivande forfattarar lese frå bøkene sine. Med Tishani Doshi (India), Mary Ruefle (USA), Raja Shehadeh (Palestina) og Jonny Steinberg (Sør-Afrika).
2022-12-03T05:23:00
https://www.litfestbergen.no/litfestbergen-2020/program/lytteposten-engelsk-litteratur-fraa-heile-verda/
OSCAR-2301
Frå fredag 8. til og med søndag 10. juli kan ein oppleve fleire arrangement på Hellesylt. Vi har sett saman ein oversikt over ein del av det som skjer denne sommarhelga.
2022-11-28T07:51:01
https://www.hellesylt.info/2022/07/sommarhelg-pa-hellesylt/
OSCAR-2301