text
stringlengths
0
19.4k
timestamp
timestamp[ms]
url
stringlengths
0
2.09k
source
stringclasses
4 values
Nomenklatur er i biologien namnet på regelverket for bruk av artane og gruppene sine vitskaplege namn. Dermed er nomenklaturen ein del av systematikken. Namnet Nomenklatur kjem av latin, nomenclatura, og er sett saman av orda: nomen som tyder «namn» eller eigentleg «namneoversikt, terminologiliste, liste over tekniske uttrykk i eit fagområde, ein vitskap eller ein kunstart» og calare som tyder «å kalle». Vitskaplege namn er latinske eller latiniserte (oftast greske) namn. Døme er Homo sapiens for mennesket eller Monocotyledoneae for eittfrøblada planter.
2022-12-03T15:28:16
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Nomenklatur_i_biologi
OSCAR-2301
Ein overgangsrite er ein seremoni som markerer overgangen frå eit stadium i livet til eit anna, gjerne i samband med sosial eller seksuell status. Ein utfører typisk slike ritar i samband med fødsel, pubertet, status som vaksen, giftarmål, overgangsalder, tilbaketrekking frå samfunnslivet og død.
2022-11-28T19:44:28
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Overgangsrite
OSCAR-2301
Sommar-OL 1906 vart halde i Aten i Hellas. Desse olympiske leikane er ikkje offisielt godkjende av IOK, men mange OL-historikarar er ueinige i dette. Frankrike vart beste nasjon, mens Noreg tok 4 gullmedaljar.
2022-12-08T13:36:49
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Sommar-OL_1906
OSCAR-2301
Valen sjukehus kan ikkje lastast for at ein pasient rømde frå sjukehuset og deretter begjekk grov vald mot pårørande, konkluderer fylkeslegen som førte tilsyn etter hendinga.
2022-12-02T02:51:38
https://www.kvinnheringen.no/tilsynsrapport-mannen-som-romte-fra-valen-sjukehus-fekk-forsvarleg-hjelp/s/5-27-268851
OSCAR-2301
Tidligare Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet fekk frå Justis- og politidepartementet 20. januar 2011 denne utgreiinga om handlingsrommet i offentleglova i saker om offentlege innkjøp.
2022-12-06T21:22:03
https://anskaffelser.no/veiledere/fortolkingsutsegn-om-innsyn-i-saker-om-offentlege-innkjop
OSCAR-2301
Her kan du sjå direktesendingar frå årets hingsteutstilling. Det er gratis å sjå sendingane, men gi gjerne eit bidrag til vår Spleis for å dekke kostnadane knytt til strøyminga.
2022-11-30T00:31:37
https://fjordhest.net/blogg/hingsteutstilling-2022/
OSCAR-2301
I mengdelæra nyttar ein komplement i følgjande tyding: Viss A er ei mengd i ei større mengd S, så vert mengda S minus A sagt å vere komplement til mengda A eller komplementærmengd i S. Komplementet til A i S er altså mengda av dei element i S som ikkje er i A.
2022-11-28T05:10:37
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Komplement_i_matematikk
OSCAR-2301
For to år sidan fekk Vidar Djupvik i Jølster ei bestilling på ein varulv, på eitt vilkår: Det måtte vere hemmeleg.
2022-11-28T12:59:03
https://www.firdaposten.no/stoppa-i-all-hemmelegheit-ut-ein-varulv/s/5-16-648152
OSCAR-2301
Tysdag 16. juni vert ein merkedag i redningsarbeidet for lakse- og sjøaurestammene frå vassdraga kring Hardangerfjorden.
2022-12-04T08:51:28
https://www.hardanger-folkeblad.no/flyttar-gullbeholdninga-til-hardangerelvane/s/5-22-268497
OSCAR-2301
Dobbel s (ß), på tysk Eszett, er ein bokstav som no blir brukt berre i tysk i Tyskland og Austerrike, men ikkje i Sveits og Liechtenstein. På tysk er han òg kalla scharfes s («skarp s»). Bokstaven kan også skrivast som to s-ar. Bokstaven har oppstått som ein ligatur av ein ſ og ein s (ein lang s og ein rund s).
2022-12-07T21:28:32
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/%C3%9F
OSCAR-2301
Høgtun Kultursenter ligg fritt og høgt på Høgtun i Øyslebø. Det er ein utruleg vakker stad å ha bryllaup, selskap, møte, seminarar eller andre tilstellingar.
2022-11-27T12:32:25
https://www.hogtunkultursenter.no/2012-12-03-12-50-36/googlekart.html
OSCAR-2301
Butikken er kjend for sine gode tilbod på lokale produkt, som kjøt frå Vossakjøt og egg frå jordbruksskulen.
2022-12-02T00:54:40
https://www.fjordnorway.com/no/se-og-gjore/dyrdal-mat
OSCAR-2301
Åse Wetås meiner det er oppsiktsvekkande og rart at ein rapport om ytringsfridommen ikkje har tematisert språk ytterlegare.
2022-11-27T12:57:20
https://www.nm.no/tag/sprakradet/
OSCAR-2301
Laurdag 10.desember kjem trioen Frå høge himmel til Vinjar! Her får du høyre tradisjonelle jolesalmar frå Rogaland i ny drakt. Trioen består av Åshild Vetrhus (1978), folkesongar frå Suldal i Rogaland, kanskje mest kjend frå folkemusikktrioen Tindra, Morten Barrikmo (1979), klarinettist frå Kongsberg og Andreas Ulvo (1983), pianist, keybordist og komponist frå Eidsskog. Alle er utdanna ved Norges musikkhøgskole. Kom til Vinjar for ein kveld der jolefreden kan senke seg, ein kveld med pause frå gåvemas og glitterstas, der jolesalmane du kjenner til – og kanskje nokon du hadde gløymt – blir framført på nytt og vakkert vis.
2022-12-07T10:36:58
https://nynorsk.no/vinjesenteret/arrangement/fra-hoge-himmel/
OSCAR-2301
NRK P1 er Noregs største radiokanal med kring 1,5 millionar lyttarar kvar dag. NRK fekk sin fyrste radiokanal i 1933. Den har hovudkontoret på Tyholt i Trondheim der dei fleste programma blir sende frå. Mellom unntaka er nyhendesendingane og det mest populære programmet på P1, Nitimen, som blir send frå Marienlyst i Oslo. Kanalen sender også distriktssendingar på kvardagar frå klokka 06.03 om morgonen til 12.00 om formiddagen. Knut Borge med gjester. Frå innspelinga av radioprogrammet 20 spørsmål på P1 i Studio 19 hjå NRK, 3. februar 2005
2022-12-06T07:46:36
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/NRK_P1
OSCAR-2301
Hausten er her. Det er kanskje både vemodig og litt godt, tykkjer eg. Her er eit dikt frå haustens barnediktbok, Eg er eg er eg er, som handlar om den tida me no er inne i.
2022-12-03T16:04:36
https://www.ruthlillegraven.no/det-kvite-sloret/
OSCAR-2301
Bruk av open eld i nedre del av husværet skal vere årsaka til at ein bustad gjekk tapt i Dalvegen 26. mars.
2022-11-28T04:23:06
https://www.firdaposten.no/meiner-a-ha-funne-brannarsaka-i-dalvegen/s/5-16-585524
OSCAR-2301
Vi har fått klarering frå Ørstahallen om å få opne for medlemmar med nøkkelkort frå i morgon, tysdag 3 august. Smittesituasjonen er framleis alvorleg, og vi har difor nedjustert talet på klatrarar frå 50 til 30 stk. For å få klatre må du gjere følgande:
2022-12-09T10:08:03
https://www.sunnmorsk-klatreklubb.no/post/%C3%B8rstahallen-opnar-fr%C3%A5-og-med-tysdag-03-08
OSCAR-2301
«Då er Beit Skandinavia ope att for overnattande gjester frå og med 10. januar, etter att huset har vært meir eller mindre fullt av norsk ungdom frå og med ca 15. sept. og fram til jol. Alle vener og brukarar er hjarteleg velkomne.
2022-12-04T04:37:48
https://www.beitskandinavia.no/single-post/d%C3%A5-er-beit-skandinavia-ope-att-for-overnattande-gjester
OSCAR-2301
Med attvalet av senator Mark Kelly i Arizona, er Demokratane berre eitt sete frå å sikre fleirtal i Senatet i USA.
2022-11-29T08:43:23
https://nettstart.no/utenriks/demokraten-mark-kelly-vann-senatsplassen-fra-arizona-4/
OSCAR-2301
Metode for bruovervaking ikkje nytta: – Me ville i løpet av eit par dagar klart å instrumentere ei slik bru
2022-12-07T04:48:45
https://www.avisa-valdres.no/tag/brukollaps
OSCAR-2301
...det er ikkje mykje som vitner om at det er jul...men juletreet i hyttehagen gjer sitt beste, og lager eit mjukt lys som slest med tåka og regnet.
2022-12-07T03:04:18
https://www.hyttaa.com/blog/archives/12-2018
OSCAR-2301
Ei samling tufter etter buer som truleg folk frå fjordane nytta til overnatting i samband med vintersildfiske. Dei var kanskje i bruk alt frå folkevandringstid og opp til høgmellomalderen. I dette feltet er det ti slike tufter og eitt båtopptrekk i dette området. I heile området frå Are til Loden er det i alt registrert kring 160 strandbutufter.
2022-12-07T10:25:55
https://www.bokn.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kultur/artiklar/strandbutuftene-i-roydehamn.1566.aspx
OSCAR-2301
Morten Svartveit var i full gang med juss-studiet då eit spøkefullt spørsmål sådde eit frø. Utan noko kjennskap til teater og skodespel gjekk han frå paragrafar og lovverk til dansetights og intense rollestudiar. Han fortel også om dramatikk i det verkelege livet og om korleis ein framand mann blei ein ven i nauda.
2022-11-30T03:24:23
https://radio.nrk.no/podkast/sommer_i_p2/sesong/202006/l_0d1cf2db-2ac0-4ef3-9cf2-db2ac0eef37a
OSCAR-2301
Avdemsbue er ein landhandel med røter attende til 1878. Dagens butikklokale er frå 1938, og den 6. Juli 2019 opna Anna Avdem eit osteforma tilbygg teikna av Ram Arkitektur. Lesja Byggservice med fleire lokale entreprenørar bygde ein ostekafe med utsikt utover dalen og kulturlandskapet. Her kan du nyte ein cappuccino på gardsmjølk eller ein steinovnspizza med Avdemsost og lokal spekeskinke. Velkome til lunsjkonsert på Avdemsbue med nokre av musikarane du vil møte igjen på meisterkonserten i Lesja kyrkje same kveld! Anna serverar deg smakebitar frå kjøkenet sitt.
2022-12-08T16:40:45
https://gudbrandsfest.no/konsertlokaler/avdemsbue/
OSCAR-2301
Fister er ei bygd og eit kyrkjesokn i Hjelmeland kommune. Fister var tidlegare òg ein kommune. Det er eigen skulekrins i bygda, men borna sin skulegang er todelt. Barneskulen (1.-7. klasse) går borna her på Fister skule, medan dei går ungdomstrinnet (8.-10. klasse) på Hjelmeland ungdomsskule. Bygda har eiga kyrkje, Fister kyrkje, som vart bygd i 1867. Fister ligg fint til mot fjorden og har ein av dei høgaste gjennomsnittstemperaturane i landet[treng kjelde]. Kring 700 personar er busette på Fister[treng kjelde]. Bygda hadde ein gamleheim, men denne vart lagt ned i 2003 og vart bygd om til Fister Utleigesenter.
2022-12-06T15:35:53
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Fister
OSCAR-2301
Det er under namnet Pilt- Ola han er mest kjend. Det som i utgangspunktet kunne blitt eit plagsamt klengenamn, gjorde han sjølv til eit godt og beskrivande kallenamn på seg sjølv. Namnet kjem av den måten han gjekk på : Med eit haltande gangelag. Det kom av ein skade han hadde fått i venstre foten under eit uhell i ungdommen. Han var med på ei kjølhaling av eit skip, og fall stygt ned frå riggen. Pilt-Ola var husmannsson og fødd til eit liv i armod. Men slik skulle det ikkje bli. Han var ein uvanleg evnerik og modig ungdom, som tidleg skjøna at framtida måtte han sjølv skapa. Om så alt omkring han var gråaste fattigdom, så var tanken hans fri som fuglen. Den let seg ikkje kua. Heilt frå ungdommen av lika han å driva handel, og som borgar av Stavanger by, fekk han høve til å utvikla verksemda si.
2022-12-06T01:47:32
https://naering.dialekttempen.no/butikk/termometer/fylker/rogaland/lysefjorden-pilt-olav/?add-to-cart=465
OSCAR-2301
Mount Cardinall er eit kjegleforma fjell, 675 moh, som ligg like sørvest for Mount Taylor og oppom nordaustenden av Duse Bay, nordaust på Den antarktiske halvøya. Det vart truleg oppdaga av ei gruppe under J. Gunnar Andersson frå Den svenske antarktisekspedisjonen, 1901–04. Det vart kartlagd i 1945 av Falkland Islands Dependencies Survey, som namngav det etter sir Allan Cardinall, som då var guvernør på Falklandsøyane.
2022-11-26T19:27:11
https://mapio.net/wiki/Q6919995-nn/
OSCAR-2301
Det gjekk gale for ein sjåfør på morgonkvisten søndag, medan ein tørst kar burde høyrd betre etter kvelden før i Sogndal.
2022-11-29T11:29:09
https://www.sognavis.no/trafikkulukke-mellom-fodnes-og-ardal-foraren-er-send-til-sjukehus/s/5-115-680371
OSCAR-2301
Gud velsigne boka, så ho kan bli for borna som ein varm og rein ange frå skog og dal og fjell, frå all hans friske natur!
2022-12-06T18:19:36
https://nn.m.wikiquote.org/wiki/Kategori:Sitat_av_Andreas_Austlid
OSCAR-2301
Åse Bratland vil vise ein film frå Setesdal, det er Ågot Noss som står bak denne. Filmen viser ei gamal dame frå Setesdal som kunne teknikken med å plissere sjølv. Setesdalsbunaden har plissera stakk. I retteleg gamle dagar var det plissera stakkar her i Vinje òg. Mennene kunne òg ha plissera knebukser, feddebukser. Haugsæl, onsdag 20. nov kl 19. Inngang og kaffe kr 100. Velkomen!
2022-12-06T20:44:24
http://www.vinjehandverkslag.no/2013/10/27/plissering/
OSCAR-2301
Ei oppfinning frå Italia gjer at tre fruktbønder på Ølmheim har sagt opp alle sesongarbeidarane sine. Dei treng dei ikkje lenger.
2022-12-02T03:26:48
https://www.bondebladet.no/av/Kyrre%20Fitje/
OSCAR-2301
Urmein (retoromansk Urmagn) er ein kommune i distriktet Hinterrhein i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 110 innbyggjarar (2010) og eit areal på 4,35 km². Kommunesenteret ligg 1264 meter over havet.
2022-12-07T09:22:43
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Urmein
OSCAR-2301
Ina Strøm (f. 1983, Noreg) er utdanna journalist og har brei erfaring frå media, mellom anna frå NRK. Ho har vore praktikant ved Noregs ambassade i Tokyo og har reist jamleg til Japan dei siste 12 åra. Våren 2018 debuterte ho med boka Alt dette er Tokyo – Japan sett fra gateplan som ho hausta gode kritikkar for. I 2020 kom boka En japansk vår – På reise gjennom et evig forbløffende land der lesaren blir tatt med på ei spektakulær og spesiell reise frå sør til nord og frå urtid til samtid. Boka fekk svært gode kritikkar mellom anna i Aftenposten og Dagens Næringsliv.
2022-12-03T06:26:26
https://www.litfestbergen.no/litfestbergen-2022/forfattarar/ina-stroem/
OSCAR-2301
Du veit det så inderleg vel. Dei skrik til deg frå gatehjørnet, tvreklamen og avissidene. Ein stad i deg er det noko som gnagar og gjer vondt. Det er den tida av året når alle skal komme i form. Slappe, sløve og mjuke kroppar skal skvisast opp i stramme tettsittande treningsklede. Ingen sa det var eit vakkert syn, men litt må ein tåle for folkehelsa. Dei sig langs vegen på rulleski så sakte at veslejenta kunne labba forbi dei, men skal sjølvklart ha pluss for innsatsen. – Mamma, du har så stor og mjuk rumpe, sa avkommet her om dagen. Meint som eit komplement frå ei lita som liker mjuke ting. Eg vart ikkje akkurat hoppande glad. Det vil seie eg vart kanskje hoppande stressa. Etter julekos, mat, snop, brus og alt som høyrer til. Mannen i reklamen på tv lyg ikkje, draumekroppen kjem ikkje gratis. Det kostar slit og sveitte. Joggande langs ein landeveg eller på ei tredemølle. I alle moglege lite flaterande posisjonar skal me strekke og bøye. Alt for kjernemuskulatur og mindre cellulittar. Bønder er forholdsvis fysisk aktive, ikkje minst sterke og iallfall stae. Viljestyrken til ein bonde er truleg sterkare enn gjennomsnittet. Noko som kjem godt med når ein skal drive gard. Viljen kan også øydelegge mykje. Til dømes når du berre skal jogge to mil, sjølv om siste treningsøkt var for fem år sidan. Eller når du berre må ta 60 situps og 30 armhevingar første treningsøkt i det nye året. Motivasjonen er på topp og resultata kan ikkje ventast på. Ver så snill. Ta det litt roleg då. Ikkje start med eit treningsprogram henta frå olympiatroppen si nettside, inspirert av Tour de Ski. Kan hende det er lurt å innsjå at, ja, kroppen er ikkje det den ein gong var. Tyngdekrafta har gjort ein grundig jobb, og det kan ikkje rettast opp på ei veke. Slikt tek tid, og kanskje får eg aldri vaskebrettmage og syltynne armar. Magen: Fordi eg aldri kjem til å trene så mykje at magen vert klumpete og knallhard. Armane: Fordi eg gaflar for mykje silo og spar for mykje møkk. Slik er livets harde realitetar. I mitt treningsprogram bør eg nok ha med ein god dose sjølvinnsikt og tolmod. Dersom eg klarer å sette måla etter det som faktisk er mogleg for meg, og ikkje Marit Bjørgen, kanskje klarer eg då å halde fram med treninga. I staden for nok ein start med skyhøge ambisjonar. Det er lov å håpe, men ein ting kan eg love. Eg kjem ikkje til å melde meg inn i eit treningsstudio.
2022-12-03T13:22:19
https://www.bondevennen.no/aktuelt/pa-tide-a-stramme-opp-bakenden/
OSCAR-2301
Når du ser ein sau som du trur sit fast i gjerdet, er det klart at du stoppar. I alle fall gjorde me det. Og etter mykje lirking og lokking og heiarop frå ungane i bussen, var hovudet laus frå gjerdet. I fem sekundar - før den stakk hovudet inn i gjerdet att 😮 Graset er visst grønare på den andre sida...🤣 Men det var ikkje bare sauer me traff på turen. På veg ut til bunkersane sto det brått ein flokk med kyr i vegen - ikkje bare ei ku, men maaaange....
2022-12-08T06:43:28
https://www.villvettene.no/kvardagen-var/fotoalbum/ein-spanande-dag-2sept/
OSCAR-2301
Frå midt på 1700-talet var Værholmen vest for Lavik ein av dei største handelsstadene i ytre Sogn. Handelsstaden vart bygd inne i ein lun våg. Her var også skysstasjon og gjestgiveri, og då Fylkesbaatane starta ruter på Sognefjorden i 1858, var Værholmen ein av stoppestadene. Den første som dreiv handel der var Gregorius Leisner frå 1758. Utover 1800-talet var det mykje handelsfolk frå Bergen som dreiv i Værholmen, men frå 1883 til 1898 dreiv Christian Hansen frå Vadheim handelsstaden. Han var son til den velkjende handelsmann og hotelleigarSjur Hansen Vadem (Sjur i Veim) i Vadheim. Handelen i Værholmen tok slutt tidleg på 1900-talet, då Fylkesbaatane flytta stoppestaden til Lavik. I 1951 brann det staselege hovudhuset med krambua ned.
2022-12-07T06:02:55
https://www.waerholm.no/V%C3%A5r-historie/
OSCAR-2301
" Om ein ser på Vang-stolen, kan ein sjå linjar frå Tonning & Stryn-kjenningen "Ola Windsor"-stolen, men den er óg noko for seg sjølv. I Vang har Andreas laga ein klassikar."
2022-12-04T19:19:50
https://heimbryggen.no/products/vang-stol-hvitoljet-eik-by-tonning-og-stryn
OSCAR-2301
Aktivitetshuset opnar for trening og aktivitetar frå og med i dag, fredag 28. mai. Dette er med bakgrunn i Regjeringa sin plan for opning av samfunnet. Graderobane vil vera stengt fram til ein er på grønt nivå, trulegvis frå måndag i neste veke. Tilrådde gruppestorleik bed organisert trening i breiddeidrett og kultur- og fritidsaktivitetar vert auka for vaksne over 20 år. No er talet auka frå 10 til 20 personar inne og frå 20 til 30 personar ute. Fleire grupper kan vera i aktivitet på same tid. Kravet er at ein held avstand i ulike kohortar.
2022-12-01T07:18:27
https://uskedalen.no/nyheter/hallen-opnar-for-aktivitetar-i-dag-fredag-28-mai/
OSCAR-2301
Takstane for ferje blir frå 1. januar redusert med 30 prosent frå prisane som gjaldt ved nyttår. Regjeringa løyver 489,8 millionar kroner meir til dette.
2022-12-06T10:24:25
https://www.kvinnheringen.no/ferjetakstane-blir-redusert-med-30-prosent-i-budsjettforslaget/s/5-27-323452
OSCAR-2301
Startar frå Brekke. Gå over brua og austover langs elvekanten på traktorveg til granskog. Der går råsa bratt oppover langs Fedalselva.
2022-11-30T04:10:16
https://www.hellesylt.info/2014/06/fedalen/
OSCAR-2301
Val av blomar er ein viktig del av forherdingane til ei gravferd eller ein seremoni. Vi kan hjelpe deg med bestillinga, eller du kan sjølv kontakte ei av verksnemdane vi samarbeider med.
2022-12-03T01:19:50
https://www.vtgravferd.no/tenester/blomar-og-dekorasjon
OSCAR-2301
Då Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum endra namn til Kraftmuseet sommaren 2018 vart det klart at Museumslaget også trengte eit nytt namn. Forslaget som styret la fram på årsmøtet var Kraftmuseets Venner.
2022-12-02T12:21:58
https://www.kraftmuseet.no/museumslaget/museumslaget-har-fatt-nytt-namn
OSCAR-2301
Søndag feira vi at Brusdalsheimen er 50 år! Takk til alle som var med å gjore dette til ein flott dag! Det vart også tevling i nokre av øvingane frå …
2022-11-29T12:19:20
https://imfung-sunnmore.no/tag/jubileum/
OSCAR-2301
Den nye jenta heiter visst Gunnhild. Ho har sendt melding og er rett i nærleiken. Sara har lova Peter å ta godt imot henne. Sjølv kan han ikkje kome før seint på kvelden, men onkelen hans sa at då måtte nokon andre ta ansvaret for det. Og for alt i verden vil dei ikkje at onkelen sjølv skal dukke opp. Han ville ha undra seg over dusjforhenget som Alex hengde opp før sommarferien. Dessutan har 2. etasje starta festninga i samband med skulestart tidleg i år, og det ser ikkje ut. Torstein står i bresjen. Han tar det visst som sitt ansvar å samle heile Sandane på hybelhuset deira. Viss han berre kunne sett litt i Sara si retning og... søren at han skal vere så overlegen. Han har nesten ikkje svart på snap i sommar heller. Drittsommar. Det vart ikkje noko av den lova sydenturen. Sara er sint på seg sjølv for at ho gidd å bli skuffa. Det skjer jo kvart år, ho burde skjøne det no. Blås i det. Meir synd på Alex. Han saknar Jo så det gjer vondt. Ikkje at han seier det, men Sara er god på å skjøne ting utan at det vert sagt. Alex har lege under dyna heilt sidan han kom att. Gidd ikkje klage på musikken frå 2. etasje ein gong. Han er ikkje seg sjølv. Å, der kjem det ein bil uti tunet! Sara går mot døra. Skal tru korleis det blir å bu med Gunnhild? Ho skal ha rommet til Jo. Det utan dør.
2022-12-09T08:58:09
http://www.alie.cybersite.nu/blogg?ibe=213317
OSCAR-2301
Nasjonaldagen 2020 vart veldig spesiell i Leirvik, sidan det nesten ikkje var folk å sjå samanlikna med det som er vanleg. Likevel vart det eit slags mini-borgartog med 40 personar.
2022-11-27T08:56:50
https://tv.sunnhordland.no/mini-borgartog-i-leirvik
OSCAR-2301
Hanseatane er ei nemning på handelsfolk som var med i Hansaen, eller Hansaforbundet. Ein hanseat kom gjerne frå ein hansaby, og dreiv med handel. Ein kunne gjerne verta utstasjonert på eit hanseatisk kontor, til dømes på Bryggen i Bergen.
2022-12-09T06:22:44
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Hanseatane
OSCAR-2301
Mø i Valdres, Vestre Slidre | – Angsten reiv i kroppen, og eg var ikkje på skulen heile åttande og det meste av niande klasse
2022-12-09T06:33:31
https://www.avisa-valdres.no/angsten-reiv-i-kroppen-og-eg-var-ikkje-pa-skulen-heile-attande-og-det-meste-av-niande-klasse/s/5-54-557840
OSCAR-2301
Svefjorden er ein fjordarm av Saltfjorden i Bodø kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 5,5 km austover på sørsida av Knapplundøya til Skjerstadfjorden. Han er ei fortsetjing av Saltstraumen og byrjar der Saltstraumen frå nord møter Indre Sundan frå vest.
2022-12-02T11:57:26
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Svefjorden
OSCAR-2301
Tingretten, Sogn og Fjordane | Fjernsynet og juletreet vart kasta ut av huset – då ringte naboane politiet
2022-11-29T11:15:26
https://www.sognavis.no/fjernsynet-og-juletreet-vart-kasta-ut-av-huset-da-ringte-naboane-politiet/s/5-115-753811
OSCAR-2301
Her vert det mykje godt å ha attåt kaffien. Ta med naboen og bli med på ei kjekk førjulsstund i bygdehuset!
2022-12-07T22:57:53
https://www.hyllestad.kommune.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=2369&lang=11&MId1=10322
OSCAR-2301
– Grandonkelen min såg at eg sleit, og ville gje meg noko anna å tenkje på. Han lærte meg å spele trommer i tillegg til at han gav meg grunnleggande musikkunnskap. Eg fann meining i musikken, og snart vart den ein stor del av livet mitt, fortel Nikolas.
2022-12-09T03:07:21
https://www.strilen.no/kultur/i/Orw2Ow/nikolas-byrja-med-musikk-daa-bestefaren-doeydde-no-satsar-sivilingenioeren-paa-ein-karriere-som-artist
OSCAR-2301
Årets tema er mørkare og har meir smertefulle linjer. Men varmen, harmonien og den uimotståelige folktonen frå siste er slett ikkje blitt forkasta.
2022-12-02T03:52:16
http://www.groove.no/band/57248293/dio
OSCAR-2301
Mozjga (kyrillisk skrift Можга) er ein by i Republikken Udmurtia i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sjuginka, 75 km sørvest for Izjevsk. Mozjga vart grunnlagd i 1835 som ein busetnad ved eit glasverk. Etter oktoberrevolusjonen vart han omdøypt til Sovetskij (russisk Сове́тский) og seinare til Krasnyj (russisk Кра́сный). I 1926 fekk busetnaden bystatus og namnet vart endra tilbake til Mozjga. Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
2022-12-05T15:44:24
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Mozjga
OSCAR-2301
På grunn av mykje nedbør og stor rasfare vert vegen frå Tafjord opp mot Onilsavatnet stengt kl. 17.00 kvar dag til veret stabilserer seg.
2022-12-07T12:27:18
https://www.fjord.kommune.no/aktuelt/vegstenging-i-tafjord.66542.aspx
OSCAR-2301
Ordførar Hege Eide Vik seier at det utanom stengt veg i indre strøk, ikkje er meldt om hendingar knytt til flaumen i Vaksdal kommune.
2022-11-29T15:59:59
https://www.vp.no/ingen-melde-hendingar-utenom-stengt-veg/s/5-134-68001
OSCAR-2301
Eit prefektur (gresk νομός, nomós, fleirtal νομοί, nomí) var fram til 2010 ei administrativ inndeling av periferiane i Hellas. Dei 13 periferiane er frå 2011 delt inn i 74 periferieiningar som erstattar dei tidlegare 54 prefektura.[1]
2022-12-09T16:32:38
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Prefektur_i_Hellas
OSCAR-2301
Fossegrimen, saman med elevar og solistkor frå Voss kulturskule, ønskjer velkomen til vårkonsert sundag 22. mai kl. 17.00 i Voss kulturhus. Repertoaret på konserten er variert og ungdommeleg, med alt frå meditative slagarar til spanande filmmusikk.
2022-12-06T11:32:06
https://fossegrimen.no/2022/05/
OSCAR-2301
MIDT-TELEMARK: Julegåva frå pappaen endra det meste. 28-åringen er truleg den einaste i heile landet som lever av dette.
2022-12-08T02:56:23
https://www.ta.no/unike-simen-samla-fullt-hus/s/5-50-1473675
OSCAR-2301
Dette er ein bunad som vart mykje nytta på Sunnmøre i tida omkring år 1900 og seinare. Han vart laga med broderte roser i fleire, ulike variantar, og etter det vi kan forstå, oftast i svart ullstoff
2022-12-04T01:18:10
https://www.dirnes.net/SD/SD_main_info3.htm
OSCAR-2301
Vi held til i Hamnegata 12, 2 etg. ved Coop-Mega. Inngang frå nordsida av bygget. Dersom du har spørsmål når du oss:
2022-12-01T04:27:27
https://voldatannklinikk.no/du-finn-oss-her/
OSCAR-2301
Kammuri-yama er eit fjell (340 moh) som ligg 1,5 nautiske mil (2,8 km) sør-søraust for Langskallane sentralt i Langhovde, på kysten av Dronning Maud Land. Det vart kartlagd frå landmålingar og flyfoto tekne under Den japanske antarktisekspedisjonen (JARE), 1957-62. Namnet Kammuri-yama tyder «Kronfjellet» og vart gjeven av JARE i 1973.
2022-12-04T09:23:02
https://mapio.net/wiki/Q6921568-nn/
OSCAR-2301
Lom kommune ligg i Ottadalen i Oppland fylke og grensar i nord til Skjåk og Lesja, i aust til Vågå, i sør til Vang, og i vest til Luster i Sogn og Fjordane. Kommunen har sine noverande grenser frå 1866, då Skjåk vart skilt ut som eigen kommune. Administrerande senter i kommunen er Fossbergom, òg kalla fjellbygda Lom dette ligg 382 moh. Lokalavisa er Fjuken, som òg dekkjer dei to andre kommunane i Ottadalen.
2022-12-02T22:56:36
https://www.kommunaljobb.no/company/355/lom-kommune/
OSCAR-2301
Vestland fylkeskommune vil utsetja opninga av Gaularfjellet frå 2. mai til 1. juni i ny brøytekontrakt. Det vekkjer harme på begge sider av fjellet.
2022-11-28T16:15:31
https://www.sognavis.no/utsett-opning-vekkjer-harme-pa-begge-sider-av-fjellet/s/5-115-481264
OSCAR-2301
På den andre bloggen min, Blog for Harald, har eg i dag gjeve plass til seks innlegg frå elevane mine på Valle Vaksenopplæring. Dei fortel om kva dei gjorde i helga som var, då eg såg Telemarkskanalen minutt for minutt. Min kollega Øystein har budd ved kanalen i Lunde, så han ville nok hatt meir glede av programmet enn eg, men han var oppteken med andre ting og fekk ikkje sjå så mykje, men programmet i P2 var jo og interessant. Elevane mine såg ikkje så mykje på det programmet, i alle fall kjem det ikkje fram noko om det i tekstane deira. Men det er mykje anna interessant der under overskrifta Dette gjorde jeg lørdag og søndag, så du kan nok ha glede av å lese der.
2022-12-03T22:16:09
https://blog.setesdalswiki.no/2012/08/glimt-fra-valle-14618970/
OSCAR-2301
Kanskje er Frankrike, Tyskland og Italia fanga av sine eigne tradisjonar? I alle fall opplever eg ofte produsentar frå ‘Den Nye Verda’ som meir respektlause og vågale overfor druejuicen. Det er gjerne der ein finn vinane med snåle drueblandingar, uhøgtideleg tilnærming og med morosame etikettar. Snålast av dei alle er antakeleg Pieter Walser sine Blankbottles frå Western Cape i Sør-Afrika.
2022-12-02T23:46:26
https://www.nattverden.com/tag/african-sun/
OSCAR-2301
Anders Nilsson Næsset (1. april 1872–22. november 1949) var ein norsk fiskar og organisasjonsleiar frå Uthaug i Sør-Trøndelag, formann i Norges Fiskarlag og stortingsmann for Venstre. Gravminne over Anders N. Næsset Næsset var fødd på ein husmannsplass og var fiskar frå unge år. Frå 1889 til 1901 dreiv han lofot- og finnmarksfiske og vart høvedsmann allereie frå sist i tenåra. Elles deltok han 1892-1930 i storsildfisket på strekninga frå Kinn i sør til Trøndelag i nord. Perioden 1901-25 dreiv han bankfiske frå Halten nordover til Røst, i alle år som skipper. Næsset var med å stifte Ørlands Fisker og Sjømandsforening i 1896, leiar av foreininga 1907-37. Under skipinga av Norges Fiskarlag i 1926 vart han vald til nestformann i laget, eit ombod han hadde til han vart vald til formann i 1932. Han leia Fiskarlaget 193-37 og var frå 1927 til 1947 formann i fylkeslaget Sør-Trøndelag Fiskarlag. Elles var han styremedlem i Storsildlaget frå 1928. Noregs Fiskarlag kåra Næsset til heidersmedlem i 1947 og reiste ein bautastein over grava hans på Ørland kyrkjegard. I tida 1916-40 og 1945-49 var Næsset heradsstyremedlem. Valperioden 1931-33 representerte han partiet Venstre på Stortinget, der han var med i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Han vart tildelt Kongens fortenstemedalje i gull og Redningsselskapet si sølvmedalje.
2022-11-29T05:41:21
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Anders_N._N%C3%A6sset
OSCAR-2301
Massachusetts er ein delstat i USA. Hovudstaden er Boston. Massachusetts er òg kalla Utdanningsstaten, sidan Harvard universitetet, ligg der. Sjølve delstaten har ei rik historie. Det var her dei fyrste immigrantane frå «Mayflower» kom i land, og «Teselskapet i Boston» ved oppktakten til den amerikanske sjølvstendekrigen fann stad her.
2022-11-28T11:25:25
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Massachusetts
OSCAR-2301
Det har vore fleire trafikale hendingar den siste veka. Mellom anna vart ein bilførar stoppa utan gyldig førarkort på Dale.
2022-12-01T21:17:29
https://www.vp.no/koyrde-utan-gyldig-forarkort/s/5-134-57007
OSCAR-2301
Onsdag 10. oktober skal eg ha ansvar for sendinga i Valle radio. Det er første gongen vi prøver eit opplegg der ansvarleg ikkje er i studio i Valle, så sendinga skjer på telefon frå Mandal. Det blir spennande å sjå korleis det går.
2022-12-06T21:49:38
https://blog.setesdalswiki.no/2018/10/programleiar-fra-mandal/
OSCAR-2301
Dette er ei samling med skjellsord frå heile Norge, usensurert – direkte frå folkedjupet. Ein oppfølgjar til kjempesuksessen «Skjellsordboka» Vol. 1. Ja, kvifor ikkje sprite opp EF-debatten med skjellsord, skjelle ut sjefen, slå til med nabohets? Her finn du originalt ordmateriale frå norske dialektar. Rein mentalhygiene mellom permar – samla og presentert av Norges friskaste språkforskar, Tor Erik Jenstad ved Universitetet i Trondheim.
2022-12-08T19:18:08
https://xn--snfugl-cya.no/boker/humor/den-store-norske-skjellsordboka/?add-to-cart=496
OSCAR-2301
Erkna fyr Oc (3) WRG 10s. 25.januar 1870 tentes eit fast raudt lys i ei 6. orden fyrlinse. På toppen av den tidligare ubebudde øya stod det no ein litan fyrbustad. Lyset lyste i 2,5 måneder i samband med vinterfisket. På omlag same tid tok staten over Alnes og Synes fyr. Saman gjorde dei tre fyra det tryggare for fiskerane i området. I 1892 var tårnet bygt høgare og eit nytt blinkapparat vart installert. Den gamle raudlysande fyrlykta vart teke i bruk som bifyr. Tre år seinere vart lystida utvida til 10 månedar i året. Fyrbustaden vart forlenga i 1897, slik at fyrvaktaren sin familie kunne bu på fyrstasjonen. Under 2. verdskrig gjekk ubåtjagarar direkte frå Shetland til Erkan. I 1944 kom ubåtjagaren "Hessa". 1,5 tonn med utstyr vart lossa og lagra i Sauehola. Utstyret herifrå vart frakta til andre stadar der ein oppretta hemmelege radiostasjonar. I mars 1945 skaut allierte fly Erkna fyr i brann. I åra 1948-50 vart fyret bygt opp att. Stasjonen vart gjort om til tørnstasjon. Maskinhus og tårn var i det samme betongbygget. Lyset vart tent i ei 4. ordens linse fra det engelske firmaet Chance Brothers. På grunn av vanskelege landingsforhald, vart det bygt tre landingar. To av desse med landingskar med kran og tralle. Frå 1970 nytta ein helikopter. Fyret vart automatisert i 1988 og avmanna året etter. Sidan 2004 er fyret leigt ut til private som gjer det mogleg vitje fyret. I 2010 vart øya Erkna freda som naturreservat for å ivareta fuglelivet. Ein kan difor ikkje vitje fyrstasjonen og øya i tidsbolken 1.mai til 1. august.
2022-11-30T13:18:13
https://kystreise.no/detaljer/5525/Erkna-fyr/
OSCAR-2301
Ingen tvil om at mange har sett pris på det kalde vêret og frosne vatn rundt om kring! Vi har fått mange flotte bilde frå lesarane, og her kjem ein bildeserie til.
2022-11-27T04:56:58
https://www.kvinnheringen.no/fleire-bilde-fra-moro-pa-isen-ser-du-nokon-kjenningar/g/5-27-266602
OSCAR-2301
Tradisjonen tru var det førjulsfest på museet siste fredagen i november. I år fikk museet besøk av sjølvaste Brudeegget. Rett nok ikkje siglande frå Ålesund, men spanande nok likevel. Det var forfattar Ole M. Ellefsen frå Ålesund som vitja oss med eit fantastisk og engasjerande foredrag om denne dramatiske seglasen. Salen var ikkje full denne gongen, men sjeldan har vi sett dei minste sitje så oppslukte i eit foredrag. Ulstein mannskor deltok med fin song, musikklaget Melshorn med fine tonar frå blankpussa instrument, Liv Skarbakk las til oss frå Inga Skarbakk sine rikhaldige skriv og Joakim og Magnar spelte og song til oss. Webjørn Landmark leia programkvelden på ein fin og lett måte, og sydde programmet i saman krydra med muntre historier mellom kvart innslag. Nok ein gong ein fin kveld på Ishavsmuseet.
2022-12-01T11:09:25
https://www.ishavsmuseet.no/nyhende/da-brudeegget-kom-til-brandal/
OSCAR-2301
Skjersholmane er ein stad på Stord. Her er det ein ferjekai og ein kafe, Jenny’s ferjekro. Kafeen er vidgjeten i Sunnhordland fordi det har vore over 50 innbrot der. Frå Skjersholmane går det ferja til Ranavik på Halsnøy i Kvinnherad. Ferja gjekk òg til Sunde fram til Halsnøysambandet vart opna i mars 2008. Før Trekantsambandet kom, gjekk ferja til Valevåg herfrå.
2022-12-06T00:38:30
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Skjersholmane
OSCAR-2301
Ozeróssjøen (gresk Λίμνη Οζερός Límni Ozerós) er ein innsjø vest for Agrínio. Elva Akhelóos renn i nordvest. Innsjøen er om lag 5 km lang og 3 km brei, og frå innsjøen kan ein sjå byen Agrínio og fjellområda omkring. Ozeróssjøen har eit areal på vel 9 km².[1]
2022-12-08T09:30:53
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Ozer%C3%B3ssj%C3%B8en
OSCAR-2301
Talar: Harald Rydland. Han kjem frå Eikelandsosen og reiser for NLM. Harald vil også visa bilder og fortelja frå Etiopia.
2022-11-28T00:44:51
http://kyrkjekrinsen-bedehus.com/2015/02/23/generasjonsmote-i-kyrkjekrinsen-bedehus/
OSCAR-2301
Onsdag 30 mars kl 1900 vert det ny handarbeidskafé på De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum i samarbeid med Sogn Bunadnettverk. Temaet denne gongen er smøyg som er ein eldgamal saum- og dekorteknikk. Smøyg, og kalla vevsaum eller glitt, er brukt på fleire tekstil ein kan finne i museet sine samlingar, til dømes på dåpstøy og bringeduk. Saumteknikken finn ein oftast på klede/tekstil med seremoniell funksjon. Middelaldertekstilet Huldreduken frå Årdal har smøygsaum. I nokre tekstil er smøyg kombinert med andre sting t.d holbeinsting. Det kan ein finne på dåpstøy frå Sogn. På handarbeidskafeen vil Siri Benjaminsen frå Sogn Bunadnettverk gi ei innføring i smøygsaumen. Det vert teke fram tekstil med smøyg frå museet sine samlingar. Det er til møtet laga ei materialpakke i smøygteknikk som ein kan kjøpa for å øva seg på saumen. I tillegg vert det utlodding, museumsbutikken er open og i kafeen vert det servert kaffe, te og kaker. Det er gratis inngang og alle er velkomne. Ta gjerne med handarbeid.
2022-12-05T13:34:20
https://laerdalhusflidslag.blogspot.com/2011/03/smyg-handarbeidskafe-pa-onsdag-30mars.html
OSCAR-2301
Shaqlawa-distriktet er eit distrikt i Irak. Dette distriktet omfattar dei tre underdistrikta Hiran, Salahaddinin og Hareer, og 210 landsbyar. Det ligg 50 km frå byen Erbil[1][2]
2022-12-07T10:23:26
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Shaqlawa-distriktet
OSCAR-2301
Bilder skal ikkje brukes av virksomheter og organisasjonar, som markedsføring og anna utan tillatelse frå eigar.
2022-12-02T20:17:18
https://www.nerhus.net/kontakt-meg/
OSCAR-2301
Breim er ei bygd og ein tidlegare kommune i Nordfjord, Sogn og Fjordane fylke. Breim kommune vart skilt ut frå Gloppen i 1886, men slegen saman att med Gloppen i 1964. Garden Førde gjekk derimot til Jølster. Gjennom historia som sjølvstendig herad hadde Breim eit nokonlunde stabilt folketal, på omkring 1800 innbyggjarar. Ved kommunesamanslåinga i 1964 budde det 1769 personar i bygda, fordelte på 358 km2. Breim er oppdelt i tre nord-sørgåande, tronge dalfører mellom høge, snødekka fjell. Det vestlege er oppfylt av det store Breimsvatnet, og gjennom det midtre (Våtedalen) går E 39, som bind Nordfjord saman med Sunnfjord og Sogn. Ein stor del av Innviksbreen, ei grein av Jostedalsbreen, ligg i Breim. Jordbruket har vore viktigaste næringa i Breim, og sidan tidleg på 1900-talet har det vorte satsa mest på husdyrhald. Rundt fyrste verdenskrig hadde bygda tre meieri og to ysteri. Tidlegare vart det òg dyrka mykje korn i Breim. Byrkjelo og kyrkjestaden Re er tettstader. Bygdenamnet, som blir uttala /breim/ og /breimn/, er set saman av adjektivet breiðr (brei) og substantivet efni (emne). Det kan opphaveleg ha vore eit gardsnamn, og siktar kanskje til ein brei strekning som er tenleg til dyrking. Innbyggjarnamnet er breimning.
2022-12-04T09:39:04
https://dev.lokalhistoriewiki.no/index.php?title=Breim&mobileaction=toggle_view_desktop
OSCAR-2301
Her har eg laga eit konfirmasjonskort med pengelomme. Eg har brukt stempel frå kort og godt som eg har klipt ut, bak på tagen har eg limt på til å ha pengane i. Det er world window pusjaren eg har brukt til pengeholdaren med tekst frå north starstamp trur eg. Arka er frå papirdesign, stjerner frå panduro.
2022-11-26T23:44:28
https://dillogdallsdidlerier.blogspot.com/2015/05/
OSCAR-2301
Jelsa er den best bevarte strandstaden i Ryfylke. Dei idylliske trehusa på Noresjøen står framleis slik dei sto for 100 år sidan. Her var gjestgiveri og handel frå sist på 1600-talet, og kyrkjestad frå 1200-talet. Eldre fornminne som gravrøyser og spor etter busetjing frå 400-600 e. Kr. finn ein også på Jelsa. Kyrkja på Jelsa er frå 1647 med vakre målingsarbeid av Gottfrid Hendtzcel. Skulehuset blei bygd i 1774. I over 40 år sendte Den Riibergske Skule ut lærarar i Ryfylke. Ryfylkemuseet driv omvisarteneste i Jelsa kyrkje og Skulemuseet.
2022-12-02T06:29:50
https://kulturarv.no/kulturminne/stranstaden-jelsa/
OSCAR-2301
Dei siste åra har Teineskjær vore innleigd til Havforskingsinstituttet i Tromsø for bestands estimering av kongekrabbe frå Nordkapp til Vardø.
2022-11-26T23:14:46
http://teineskjaer.no/kongekrabbe.html
OSCAR-2301
Kogge er frå 1100-talet ei nemning på et seglskip med dekk og segl. Koggen er brei, høg og relativt kort. Namnet kjem frå det tyske ordet «Kugel» som tyder kule. Skipstypen vart utvikla av Hanseatane og dei fleste hanseatskipa var koggar. Skipstypen hadde mykje større lasteevne enn vikingskipa og vart i mellomalderen nytta både som frakteskip og som krigsskip.
2022-11-30T10:59:04
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Kogge
OSCAR-2301
Palaiseau er ein kommune i dei sørlege forstadane til Paris i Frankrike, men har status som by. Han ligg 16,9 km frå sentrum av Paris, og er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Essonne.
2022-12-10T08:03:37
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Palaiseau
OSCAR-2301
Det var eit effektivt tiltak for oss å gå frå offsettrykk til digital etikettproduksjon. Utfordringar med store opplag og lang leveringstid vart erstatta av mindre opplag, redusert lagerhald og kort leveringstid, som totalt sett er kostnadseffektivt for Lerum. Vi er svært nøgde med samarbeidet vi har med Digital Etikett
2022-12-05T21:28:51
http://digitaletikett.no/index.php/nn/helge-bondevik-innkjopssjef-lerum
OSCAR-2301
Ole Bergesen er oppvaksen på Fitjar, har bakgrunn som industriarbeidar og hotellmann men er først og fremst ein glimrande revyskodespelar med ei rekkje framifrå rollekarakterar. Stuntpoeten Arne Torget kjenner me blant anna frå ei rekkje humoristiske, satiriske og fengjande dikt og fortellingar.
2022-12-09T19:51:15
https://www.kanaldagane.no/post/bergesen-torget
OSCAR-2301
Khalkiós (gresk Χαλκειός) er ein landsby litt aust for midten av øya Khíos i periferieininga Khíos i periferien Dei nordlege egeiske øyane i Hellas. Khalkiós var hovudsete i den tidlegare kommunen Kambókhora, som frå inngår som ei kommunaleining i kommunen Khíos.[2]
2022-11-28T16:06:25
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Khalki%C3%B3s
OSCAR-2301
18.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv. Om Normisjons jolemesse i Valle ved Åse Rike og om NMS, økonomi, strategi og om ein ettåring.
2022-12-09T01:35:04
https://blog.setesdalswiki.no/2013/12/program-for-veke-49-17205079/
OSCAR-2301
I samband med kommune- og fylkestingsvalet og samanslåing til Vestland fylke får Tysnes nytt kommunenummer som trer i kraft frå 01.01.2020.
2022-12-01T16:36:36
https://www.tysnes.kommune.no/nytt-kommunenummer.6236583-312078.html
OSCAR-2301
Frå onsdag denne veka og fram til 11. desember er det buss for tog på Vossebana. Men siste bussen til Dale, går så tidleg som 19.55 frå Bergen.
2022-11-29T14:25:21
https://www.vp.no/siste-buss-for-tog-gar-for-klokka-20-fra-bergen/s/5-134-68082
OSCAR-2301
Det seier Tommy Hivand frå Herøysundet som tilbake i oktober 2020 var med å etablera Breeze Ship Design. Sidan då har selskapet vakse frå to til nærmare 50 tilsette.
2022-12-05T04:31:22
https://www.kvinnheringen.no/skipsdesignselskap-seglar-i-medvind-har-vore-eit-eventyr-sa-langt/s/5-27-393838
OSCAR-2301
I dag testa vi den nye råsa frå Klatreparken og opp til gapahuken/vegen. Vi fann ut at dette var ein perfekt plass for å ha overnatting i hengekøye til sommaren 🌞 Litt vått over myra, men ein kjapp, liten og kjekk tur, og staseleg veg heim om ein går Nyfonnvegen og ned til den nye turvegen, om uteskulen. Bra merking frå enden av Klatreparken, sjå etter dei raude merka på trea. God tur!
2022-11-26T09:47:54
https://hundeidvik.no/blog/i-dag-testa-vi-den-nye-rasa-fra-klatreparken-og-opp-til-gapahuken-vegen-vi-fan/
OSCAR-2301
Rått anheng til ein ekte Liverpoolfan! YNWA bokstavane ligg oppheva frå plata, kvart og eit sandstøypast av resirkulert 925 sølv, noko som gjer at alle får sitt eige uttrykk med det særprega avtrykket frå sanden.
2022-12-08T09:15:36
https://smykkeverkstad.no/products/ynwa-anheng
OSCAR-2301
Jubileumsbok for Ulstein fiskarlag der ein skildrar utviklinga i fisket i Ulstein frå slutten av 1800-talet. Boka har også ein kort omtale av fiskebåtane som høyrde heime i kommunen frå ca. 1880 og fram til midten av 1950-talet, i alt kring 350 båtar.
2022-12-05T05:22:35
https://www.ishavsmuseet.no/produkt/fiskarsoge-fra-ulstein/
OSCAR-2301
Kokebanan eller mjølbanan (engelsk også plantain) er bananar ein hovudsakleg et etter å ha varmebehandla dei, til skilnad frå etebanan, som ein et rå. Kokebanan er viktig basisføde i Vest- og Sentral-Afrika, Karibia, Sentral-Amerika og nordlege og kystnære delar av Sør-Amerika. Plantar frå slekta Musa stammar frå tropiske delar av Søraust-Asia og Oseania, mellom anna Malay-arkipelet (dagens Indonesia, Malaysia, Brunei og Filippinane) og Nord-Australia.[1] Ein klase kokebananar. Ein kan bruka kokebananar når dei er mogne eller umogne. Dei er stiverike med nokså nøytral smak og er mjuke når dei er varmebehandla. Sidan bananar dannar frukt heile året, er kokebanan ein stabilt tilgjengeleg matvare. Kokebananar er meir eller mindre komplekse hybridar av fleire artar i bananslekta, hovudsakleg Musa acuminata og Musa balbisiana. Omgrepet kan visa til ulike kultivarar som ein vanlegvis varmebehandlar før ein et dei. Det finst likevel ingen botanisk skilnad mellom vanleg banan og kokebanan. Varmebehandling er meir ein skikk enn ei nødvendig handling for mange bananar. Ein kan i røynda eta mogne kokebananar råe når mykje av stiva deira er omdanna til sukker. I nokre land der ein berre et nokre få banankultivarar kan ein ha eit klart skilje mellom typar brukte som etebanan og typar brukte som kokebanan. I andre land der det finst fleire kultivarar gjer ein ikkje skilnad på koke- og etebanan.[2] KjelderEndra ↑ «Musa species (banana and plantain)» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 28. februar 2014. Henta 12 April 2007. ↑ J. Redhead (1989). M. Boelen, red. Utilization of Tropical Foods: Trees. FAO Food and Nutrition Paper. Food and Agriculture Organization of the United Nations. s. 32. ISBN 9789251027769. Denne artikkelen bygger på «Kokebanan» frå Wikipedia på bokmål, og «Plantain» frå Wikipedia på engelsk den 19. februar 2020.
2022-12-09T19:16:29
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Kokebanan
OSCAR-2301
Beinwil am See er ein kommune i distriktet Kulm i kantonen Aargau i Sveits. Kommunen har 2 840 innbyggjarar (2010) og eit areal på 4 km². Kommunesenteret ligg 520 meter over havet.
2022-12-07T01:10:02
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Beinwil_am_See
OSCAR-2301
Fabriano er ein by og ein kommune i provinsen Ancona i Marche-regionen i Italia. Kommunen har i kring 32 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 270 km². Byen ligg i Esino-dalen, 44 kilomter frå Adriahavet.
2022-12-06T03:16:28
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Fabriano
OSCAR-2301
KIT framførte låtar frå nye "Mudderlys", og frå både Gnist og Aks av gull. Låtane "Aks av gull" og "Mitt hovud hang" blei gjort saman med kora. Publikum fekk òg høyre eit par overraskingar, deriblant ein tekst Kjell Inge har skrive til magasinet Strek – og låta "God bless the child" (Billy Holiday), i Kjell Inges eigen versjon
2022-11-26T22:54:18
https://kjellingetorgersen.no/index.php/event/konsert-med-kor-pa-hundvag
OSCAR-2301